snl.no

Time – kommune i Rogaland – Store norske leksikon

  • ️Fri Oct 18 2024

Faktaboks

Administrasjonssenter

Bryne

Fylke

Rogaland

Innbyggjartal

19 910 (2024)

Landareal

171 km²

Høgaste fjell

Brusaknuden (430 moh.)

Innbyggjarnamn

timebu

Målform

nynorsk

Kommunenummer

1121

Kommunevåpen

Kart: Time kommune i Rogaland

Time kommune i Rogaland fylke.

Time

Time. Karakteristisk jærlandskap ved Knudaheio. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Time er ein kommune i Rogaland fylke, på Jæren, mellom elva Figgjo i nord og Brusaknuden og Synesvarden i sør. Den vestre delen av kommunen ligg på Låg-Jæren og omfattar noko under halvparten av kommunearealet. Austover strekker Time seg opp i heiane på Høg-Jæren.

Sett bort frå eit mindre, aude område som blei overført til Gjesdal i 2013 har Time hatt uendra grenser sidan det lokale sjølvstyret blei innført i 1837.

Time grensar i nordvest til Klepp kommune, i nordaust til Sandnes kommune, i aust til Gjesdal kommune, i søraust til Bjerkreim kommune og i sør og sørvest til kommune.

Natur

Sæland

Frå Sæland, med utsyn mot Høg-Jæren.

Melsvatnet har gode padlemoglegheiter.

Berggrunnen i den austre delen av kommunen består av grunnfjell i dagen, hovudsakleg gneis, som dannar eit kupert heieområde med sparsamt morenedekke opp til 430 meter over havet (Brusaknuden) lengst søraust i kommunen. Dette området høyrer til Høg-Jæren.

Over grunnfjellet i dei vestre delane av kommunen ligg det omdanna, kambrosiluriske skifrar, mest fyllitt og glimmerskifer, dekt av mektige glasiale lausavsetningar. Dette området høyrer til det «eigentlege» Jæren (Låg-Jæren), og ligg opptil rundt 120 meter over havet. Sandjord er den dominerande jordart her.

Naturvernområde

Synesvarden (359 meter over havet) på grensa til Hå lengst sør i kommunen er verna som to landskapsvernområde. Til sammen er dei på 15 221 dekar. Dei blei verna i 1993.

Kommunen har i tillegg ti andre naturvernområde, mellom anna:

  • Urådalen landskapsvernområde, 1 952,5 dekar, verna 1984
  • Søndre Frøyland landskapsvernområde, fuglefredning, 446,0 dekar, verna 1978
  • Lyngaland landskapsvernområde, 375, 9 dekar, verna 1983

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på 1,7 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,1 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 175,6 millimeter, og minst er det i mai med normal på 68,0 millimeter. Målingane er gjorde ved Særheim målestasjon.

Busetjing

Folketal

1951 5206
1952 5291
1953 5347
1954 5434
1955 5479
1956 5647
1957 5758
1958 5863
1959 6017
1960 6081
1961 6235
1962 6496
1963 6616
1964 6815
1965 7038
1966 7222
1967 7513
1968 7725
1969 7847
1970 8013
1971 8124
1972 8427
1973 8646
1974 8773
1975 8922
1976 8911
1977 9164
1978 9467
1979 9745
1980 9970
1981 10132
1982 10448
1983 10678
1984 10930
1985 11013
1986 11182
1987 11353
1988 11407
1989 11676
1990 11929
1991 12059
1992 12245
1993 12331
1994 12475
1995 12687
1996 12793
1997 12893
1998 12973
1999 13100
2000 13317
2001 13501
2002 13593
2003 13909
2004 14177
2005 14461
2006 14807
2007 15048
2008 15459
2009 15836
2010 16077
2011 16450
2012 16769
2013 17437
2014 17897
2015 18306
2016 18572
2017 18656
2018 18699
2019 18795
2020 18916
2021 19106
2022 19353
2023 19781
2024 19910
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Det aller meste av befolkninga finn ein i administrasjonssenteret Bryne, Kvernaland, Lyefjell og Undheim. Den relativt nye tettstaden Lyefjell nokre kilometer aust for Bryne er utvikla som ei følgje av arealkonflikt mellom landbruk og tettstadsvekst i dei lågareliggjande områda av kommunen.

Time har hatt samanhengande vekst sidan andre verdskrigen, og i 2017 var folketalet i kommunen 3,8 gonger større enn i 1946. I tiårsperioden 2007–2017 hadde folketalet i kommunen ein gjennomsnittleg årleg vekst på 2,2 prosent, mot 1,6 prosent i Rogaland samla sett.

Bryne fekk bystatus i 2001 ved kommunalt eigenvedtak.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det fire tettstader i Time. Tettstadene er til saman 7,1 km², og omfattar 4 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Bryne ¹ 11 131 56 % 4,4 km²
Kvernaland ² 3 461 17 % 1,4 km²
Lyefjell 2 341 12 % 0,9 km²
Undheim 588 3 % 0,4 km²
Sum 17 521 88 % 7,1 km²

* Andelen av innbyggjarane i Time kommune som bur i tettstaden.

¹ Tettstaden Bryne omfattar delar av kommunane Time og Klepp. Den delen av tettstaden Bryne som ligg i Time kommune omfattar 85 % av folketalet og 79 % av arealet i tettstaden.

² Tettstaden Kvernaland omfattar delar av tre kommunar (Klepp, Time, Sandnes). Den delen av tettstaden Kvernaland som ligg i Time kommune omfattar 44 % av folketalet og 30 % av arealet i tettstaden.

Kart over Time kommune

Næringsliv

Av totalarealet i Time blir 44 prosent nytta til jordbruksføremål inkludert eng til slått og beite (2016). Som elles på Jæren blir det drive eit særleg intensivt husdyrhald, noko som blir spegla i bruken av jordbruksarealet, der det aller meste blir nytta til eng og beite. Åker og hage opptek såleis berre fem prosent av jordbruksarealet (2016). Time er blant dei fremste kommunane i landet etter husdyrhald. Dette gjeld både storfe, sau, svin og høns. Kommunen har ein særleg stor kyllingproduksjon. Det blir også drive noko hagebruk.

Trass i det store jordbruket sysselset industrien meir enn dobbelt så mange i Time. Av arbeidsplassane i kommunen utgjer såleis industrien 11 prosent, 21 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, mot fem prosent i primærnæringane (2016). Den klart viktigaste industribransjen er verkstadindustrien, med 87 prosent av dei industrisysselsette. Det aller meste av dette er i metallvare- og maskinindustrien (2015). Den store verkstadindustrien har i stor grad utspring i dyrkingstiltaka i siste halvdel av 1800-talet og første halvdel av 1900-talet, som kravde spesielle reiskapar og anna utstyr. Med bakgrunn i desse behova voks i mange tilfelle bygdesmier og liknande til fabrikkar som etter kvart har utvida produktspekteret sitt til avanserte landbruks- og anleggsmaskiner, i dei seinare åra også maskiner til industrien (mellom anna robotar) med stor eksport. Elles har Time noko næringsmiddel- og trelast-/trevareindustri med høvesvis fem og fire prosent av dei sysselsette i industrien (2015).

Bryne er regionsenter for Jæren og eit viktig handels-, service- og skulesenter. Kvernaland er ein stor tettstad på grensa til Klepp i nord, med eit variert næringsliv. Her ligg Kverneland ASA, som er Noregs største produsent av landbruksmaskiner.

Av dei yrkesaktive som er busette i Time, arbeider 62 prosent utanfor kommunen (2016). 34 prosent arbeider i Stavanger-området (Stavanger, Sandnes, Randaberg og Sola), 15 prosent i Stavanger åleine, og i alt 22 prosent i dei tre nabokommunane Hå, Klepp og Gjesdal.

Time har også stor innpendling, og i 2016 var halvparten av dei som hadde arbeid i Time, busette utanfor kommunen. Innpendlarane kjem særleg frå nabokommunane Hå, Klepp og Gjesdal. Dette gjeld 33 prosent av dei med arbeid i kommunen, medan 13 prosent kjem frå Stavanger-området (2016).

Jærbladet kjem ut tre gonger i veka på Bryne.

Samferdsle

Gjennom Time går Sørlandsbanen, som har fabrikksidespor til mellom anna Kverneland. Det er hyppig lokaltogsamband på Jærbanen (StavangerSandnesBryneEgersund). Alle regiontoga mellom Stavanger, Kristiansand og Oslo stoppar på Bryne.

Hovudvegen over Jæren til Sandnes og Stavanger, fylkesveg 44, går så vidt innom Time ved Bryne. Stamvegen E39 Kristiansand–Stavanger går over Høg-Jæren aust for kommunen. To vegar gjennom Time knyter saman dei to hovudvegane: Fylkesveg 506 Bryne–Ålgård sentralt i kommunen og fylkesveg 504 Varhaug–Bue heilt i søraust. Ein viktig veg elles er fylkesveg 505 som går nord–sør aust for Frøylandsvatnet, frå Ganddal i Sandnes i nord via Kvernaland og Undheim til fylkesveg 504 på Høg-Jæren.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

På Bryne ligg Bryne vidaregåande skule med ei rekkje linjer.

Time høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Jærrådet saman med Gjesdal, , Klepp og Sandnes.

Time kommune svarer til dei tre sokna Bryne, Time og Undheim i Jæren prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Time til Jæderen og Dalene fogderi (futedømme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Time

For statistiske formål er Time kommune (per 2016) delt inn i fem delområde med til saman 35 grunnkrinsar:

  • Bryne: Vardheia, Brynehaugen, Ree vest, Bryne sentrum, Austbø, Kolheia, Ree - Håland, Elisberget nord, Elisberget sør, Stemmen
  • Rosseland: Bryne aust, Norheim, Rosseland nord, Rosseland aust, Rosseland sør
  • Hognestad - Vestly: Hognestad, Grødem, Lende, Vestly-Time, Lyefjell 1, Lyefjell 2, Lyefjell 3, Lyefjell 4
  • Frøyland: Fjermestad, Kalberg, Kvernaland sentrum, Frøyland vest, Frøyland aust, Håholen, Njå
  • Undheim - Eikeland: Tunheim, Undheim sentrum, Kartevoll, Tjåland, Eikeland

Historikk og kultur

Garborgheimen er ein del av Jærmuseet

Time bygdemuseum ligg på Undheim, med mellom anna Fotland kraftstasjon (no vasskraftmuseum), husmannsplassen Træe og bygdemølle. Kverneland fabrikkar har elles bedriftsmuseum. Det er gardsanlegg frå jernalderen på Lyngaland. Fritz Røed (1928–2002) har skulpturpark ved Mølledammen på Bryne.

Arne Garborg (1851–1924) var frå Time, og både barndomsheimen hans (Garborgheimen) og diktarstova og sommarbustaden Knudaheio, begge typiske jærhus, er bevarte og utgjer ein del av Jærmuseet. I Bryne blei Nasjonalt Garborgsenter oppretta i 2012. Senteret er òg ein del av Jærmuseet.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1977) har ei vipe av sølv med utslåtte venger mot ein raud bakgrunn. Vipa er eit typisk vårteikn på Jæren og symboliserer optimisme og forventning.

Namnet kjem av norrønt Þímin. Det første leddet har usikker tolking, men heng truleg saman med angelsaksisk Þínan, ‘bli våt’, og norrønt þiðr, þiðinn, ‘isfri’, og siktar til myrlendt terreng. Sisteleddet er vin, ‘naturleg eng’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Aurenes, Ola og Undheim, Roald: Time gards- og ættesoge, 1973
  • Lindanger, Birger: Time : gard og ætt, 2003–, fire bind.

Kommentarar