To nordmenn deler Bjørnsonprisen
- ️Bjørn Ivar Voll
- ️Wed Oct 19 2011
Skodespelar Marte Wexelsen Goksøyr (29), som er fødd med Downs syndrom, og professor Ola Dirdrik Saugstad, Noregs internasjonalt mest anerkjende barnelege, delar Bjørnsonprisen i år.
I år går prisen for første gong til to nordmenn.
Det er Bjørnsonakademiet som årleg deler ut prisen på 100 000 kroner. Prisen vert delt likt mellom dei to prisvinnarane. I tillegg får dei ein skulptur av bilethoggar Hagbart Solløs og eit diplom.
- LES ÒG: Bjørnsonprisen 2010
- LES ÒG: Russere får Bjørnsonprisen
- LES ÒG: Bjørnsonpris til Ola Larsmo
Konfronterte statsministeren
PRISVINNAR: Marte Wexelsen Goksøyr.
Foto: Kallestad, Gorm / ScanpixMarte Wexelsen Goksøyr vart landskjent då ho ved hjelp frå Kristeleg Folkeparti tok seg inn på Stortinget slik at ho fekk møte statsministeren. Bakgrunnen for møtet var at regjeringa i 2007 lova at dei aldri ville fremja eit forslag om ultralyd i veke 12 av eit svangerskap. I februar i år ville Ap likevel fremja forslaget om ultralyd i 12. veke, og ikkje i 18. veke som i dag.
Goksøyr møtte statsminister Jens Stoltenberg etter spørjetime i Stortinget 16. februar kledd i ei t-skjorte som det stod «Utrydningtruet» på. I ettertid vart det retta kritikk mot at opposisjonen har gjort vandrehallen på Stortinget ei teaterscene.
Bare Marte
PRISVINNAR: Professor Ola Didrik Saugstad
Foto: Falch, Knut / SCANPIXI ein dokumentar frå 2007 får ein eit innblikk i kvardagen til Marte Wexelsen Goksøyr. Ho deler ærleg tankane sine med kamera sitt og dei som ser på. Ansikt til ansikt ber ho folk om svar som ho veit kjem til å såre ho.
Barnelege og livreddar
Professor Ola Didrik Saugstad er den barnelegen i Noreg som er mest anerkjend internasjonalt og mest referert nokosinne.
Forskinga hans på gjenoppliving av nyfødde har ført til at fleire hundre tusen barn vert redda kvart år.
LEIAR AV JURYEN: President i Bjørnsonakademiet, knut Ødegård.
Foto: Herskedal, KjelL / SCANPIXI år fekk han American Academy of Pediatrics – «Landmark Award» for arbeidet. Saugstad har i ei årrekkje vore ein sentral stemme i den offentlege debatten om medisinsk etikk, livsvernspørsmål og forskingspolitikk.
Han er ein skarp kritikarane til «sorteringssamfunnet»
Vert delt ut i Molde
Bjørnsonprisen vert delt ut under Bjørnsonsakademiet sitt seminar om mennesket i sorteringssamfunnet i Bjørnsonhuset i Molde 29. oktober. Der skal prisvinnarane halde foredrag.
Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfridom vart skipa i 2003, styret vert leia av forfattar Knut Ødegård.
Publisert 19.10.2011, kl. 18.54 Oppdatert 19.10.2011, kl. 20.01