historikk.com

Historikk

Tilbake til Lokalarkivet
Fosnavåg er kommunesenteret i Herøy kommune på Sunnmøre. Tettstaden Fosnavåg ligg mellom Ytre Herøy Kyrkje og Igesund, medan ein i folkemengda for byen Fosnavåg reknar med heile Bergsøya. Det er vanleg å rekne grunnkrinsane Fosnavåg sentrum, Øvre Fosnavåg og Nørvåg som delar av Fosnavåg, deriblant halve Huldal, Kleiva og Vågsholm.

Fosnavåg er ei naturleg hamn, den største i Norge, og har difor vore ein naturleg samlingsstad for båtar som har operert i nærleiken. Fosnavåg fekk bystatus 7. juni 2000, noko som igjen bana veg for at Fosnavåg kunne få hamnestatus. Større skip som tidlegare måtte registrerast i Ålesund, kan no ha Fosnavåg i hekken. Det nye kystvaktskipet KV «Harstad», døypt 28. januar 2005, er blant dei første med denne stadstilknytinga. Bystatusen førde også til ei større satsing frå handelsstanden og fleire butikkar har i dei 4–5 åra etterpå vorte samla under same tak.

(Bildet: En liten del av sentrum, med det populære Liedhjørnet.) Fosnavåg Nedre er ein matrikkelgard i Herøy på Sunnmøre og ein del av tettstaden Fosnavåg. Fosnavåg Nedre tilsvarar grunnkrinsen Fosnavåg sentrum og strekkjer seg frå Huldal, grensa mot Igesund, og til Nørvåg og Fosnavåg Øvre i andre enden. I denne krinsen finn ein Herøy Frikyrkje, Fosnavåg bedehus, hovudkontoret til lokalavisa Vestlandsnytt, promenade og statuen Fiskarkona på Vågsplassen, Herøy Rådhus, samt hovudtyngda av handelsstanden i kommunen. I tillegg er mykje anna næringsliv samla her med fiskemottak på GeVo-kaia, is- og olje til fiskeri, sjøfart og meir, noregskontora til Trico Supply og Bourbon Supply, samt fleire andre reiarlag. Ved vågsplassen ligg òg Hotel Neptun.

Fosnavåg er også eitt av dei sjeldnaste slektsnamna i Norge, og per mars 2005 var det kun 6 personar som hadde det.

(Bildet: Her ser en Hotel Neptun og Bokhandelen..) Fosnavåg er ikkje akkurat av dei største byane i Norge, men har sin eigen spesielle sjarm. Byen er også veksande, og det er stadige nye planar med bygging og forbedringar. Dei årlige sommardagane er også noko som trekker til seg fleire tusen mennesker til Fosnavåg årlig. Under sommardagane er hamna full av båtar, mens kaia har standar, øltelt, og scene med både lokale og nasjonale kjendte artistar. (Bildet: Her ser en litt av Fosnavåg ovanfrå, tatt på vei mot Hornseten.)

Fleire bilder frå området.

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde