1883 – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1883 (romartal MDCCCLXXXIII) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske.


- 24. mai: Brooklyn-brua, som då var verdas største hengebru og den første slike konstruksjonen som nytta stålvaierar, vart innvigd i New York.
- Mai-august: Vulkanen Krakatau hadde fleire valdsame utbrot.
- 13. juni: Carl Johan Thyselius blei ny statsminister i Sverige etter Arvid Posse. Thyselius var den første borgarlege (ikkje-adelege) statsministeren i landet.
- Ein allianse mellom kjøpmenn, småbønder og slavar gjorde statskupp i Asante i Vest-Afrika.
- Vossabanen stod ferdig som smalspora jarnbane mellom Bergen og Voss.
- Kyllingstad Plogfabrikk vart stifta av Ole Kyllingstad på Kleppe på Jæren.
- Sjå òg Fødde i 1883.

- 5. januar: Döme Sztójay, ungarsk fascistisk politikar, statsminister i 1944
- 10. januar: Gunnar Jahn, norsk økonom
- 14. januar: Nina Ricci, fransk moteskapar
- 21. januar: Olav Aukrust, norsk forfattar
- 16. mars: Olaf Nordhagen, norsk arkitekt
- 1. april: Edvard Drabløs, norsk skodespelar
- 8. april: Olav Midttun, norsk filolog
- 28. april: Werner Werenskiold, norsk geolog
- 5. mai: Rudolf Spielmann, austerriksk sjakkspelar
- 6. mai: Jens Hundseid, norsk statsminister
- 18. mai: Walter Gropius, tysk arkitekt
- 28. mai: Vinayak Damodar Savarkar, grunnleggjar av hindunasjonalismen
- 3. juli: Franz Kafka, austerriksk forfattar
- 29. juli: Benito Mussolini, italiensk fascistisk diktator 1922-1943
- 31. juli: Erich Heckel, tysk biletkunstnar
- 19. august: Coco Chanel, fransk moteskapar
- 9. september: Olav Scheflo, norsk journalisr
- 29. oktober: Abelone Møgster, norsk motstandskvinne
- 10. november: Olaf Bull, norsk forfattar
- 3. desember: Anton Webern, austerriksk komponist
- 28. desember: Carl Gustav Fleischer, norsk hærførar

- Sjå òg Døde i 1883.
- 10. januar: Elling Eielsen, norsk-amerikansk religiøs leiar
- 23. januar: Gustave Doré, fransk illustratør
- 22. februar: Ole Welde, norsk bonde og politikar
- 14. mars: Karl Marx, tysk filosof og økonom
- 30. april: Édouard Manet, fransk målar
- 22. mai: Richard Wagner, tysk komponist, dirigent og forfattar
- 23. mai: Cyprian Kamil Norwid, polsk romantisk diktar
- 26. mai: Abd el-Kader, algerisk emir og religiøs leiar
- 6. juni: Per Lasson, norsk komponist
- 15. juni: John Neergaard, norsk bonde og politikar
- 3. september: Ivan Turgenjev, russisk forfattar
- 4. november: Frederik Georg Lerche, norsk jurist og politikar