1908 – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1908 (romartal MCMVIII) var eit skotår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein tirsdag i den julianske kalenderen.
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f1/Affiche_%C3%A9lectorale_de_Wilfrid_Laurier.jpg/220px-Affiche_%C3%A9lectorale_de_Wilfrid_Laurier.jpg)
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2e/A.C.Lindblad-valaffisch.jpg/220px-A.C.Lindblad-valaffisch.jpg)
- 6. januar: Opprør i Marokko. Mulai Hafid blei utropt til ny sultan i Fès.
- 1. februar: Kong Carlos I av Portugal og kronprinsen blei drepne i Lisboa. Den nest eldste kongssonen blei utropt til kong Manuel I av Portugal.
- 10. mai: Den første morsdagen blei feira i Grafton i West Virginia i USA.
- 23. juni: I Persia avsette Muhammed Ali Shah regjeringa, innførte unntakstilstand og opphevde grunnlova av 1906. Statskuppet utløyste borgarkrig.
- 30. juni: Tunguska-eksplosjonen, truleg skapt av ein asteroide eller komet, raserte meir enn 2 000 kvaderatkilometer skog i Sibir.
- 20. august: Den belgiske staten tok over Kongo frå kong Leopold II.
- 5. oktober: Bulgaria erklærte sjølvstende frå Ottomanarriket.
- 6. oktober: Austerrike annekterte Bosnia-Hercegovina.
- 7. oktober: Kypros gjekk i union med Hellas.
- 14. november: Etter at keisar Guand Xu døydde dagen før blei to år gamle Puyi innsett som keisar av Kina — den siste.
- 28. desember: 75 000 menneske i den italienske byen Messina døydde i eit jordskjelv.
- Jernbanen kom fram til Kano i Nigeria og var med på å føre til at eksporten av jordnøtter auka frå vel 1 000 til nesten 20 000 tonn.
- 19. mars: Regjeringa Løvland (V) gjekk av og blei erstatta av regjeringa Knudsen I (også V)
- 13. mai: Forbod mot fisking med trål i norsk sjøterritorium.
- Isach Coldevin på Dønnes gard kjøpte den fyrste traktoren i Noreg (ein Ivel).
- Sleipner Motorfabrikk vart stifta i Sarpsborg.
- 26. september: Den noverande Sportsklubben Brann blei stifta på Johnsens cafè i Bergen som «Ski og fodbollklubben Brann».
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1a/OlavHHaugeCa1940.jpg/220px-OlavHHaugeCa1940.jpg)
- Sjå òg Fødde i 1908.
- 9. januar: Simone de Beauvoir, fransk forfattar
- 3. februar: Øyvind Dybvad, norsk forleggjar
- 17. mars: Oscar Christian Gundersen, norsk politikar
- 30. mai: Hannes Alfvén, svensk arkitekt
- 21. juni: Erik Brofoss, norsk økonom og politikar
- 26. juli: Salvador Allende, chilensk president
- 6. august: Arthur Klæbo, norsk prgramskapar og forfattar
- 14. august: Arne Ekeland, norsk målar
- 18. august: Olav H. Hauge, norsk forfattar
- 23. august: Arthur Adamov, russisk-fransk forfattar
- 27. august: Lyndon B. Johnson, USA-amerikansk president
- 2. september: Olaf Hoffsbakken, norsk skirennar
- 16. oktober: Enver Hoxha, albansk statsleiar
- 19. oktober: Geirr Tveitt, norsk toneskapar
- 10. desember: Olivier Messiaen, fransk toneskapar
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/73/Jonas_Lie_by_P_S_Kr%C3%B8yer.png/220px-Jonas_Lie_by_P_S_Kr%C3%B8yer.png)
- Sjå òg Døde i 1908.
- 28. januar: Ragnhild Jølsen, norsk forfattar
- 1. februar: Kong Karl av Portugal
- 13. april: Aasta Hansteen, norsk kvinnesakspioner
- 24. april: Józef Gosławski, polsk bilethoggar
- 5. juli: Jonas Lie, norsk forfattar
- 25. august: Henri Becquerel, fransk fysikar og nobelprisvinnar
- 24. juni: Grover Cleveland, president av USA
- 21. juni: Nikolaj Rimskij-Korsakov, russisk komponist