1928 – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1928 (romartal MCMXXVIII) var eit skotår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen of eit skotår som byrja på ein laurdag i den julianske kalenderen.
- 3. mai: Japan okkuperte Shandonghalvøya.
- 20. mai: Riksdagsval i Tyskland. NSDAP fekk med 2,5 % av stemmene tolv av 491 representantar.
- 8. juni: Hovudstaden i Kina blei flytta til Nanjing etter at styrkane til Chiang Kai-shek hadde okkupert Beijing.
- 19. juli: Kong Faud av Egypt oppløyste nasjonalforsamlinga og tok over regjeringsmakta sjølv.
- 3. september: Alexander Fleming oppdaga dei antibiotiske eigenskapane til penicillinsoppen.
- 10. september: Florida i USA blei ramma av storm og oversvømmingar. Meir enn 1 800 døydde.
- 28. januar: Regjeringa Hornsrud. Christopher Hornsrud danna den første Arbeidarparti-regjeringa i Noreg.
- 8. februar: Regjeringa Hornsrud fekk mistillit etter å ha nekta statsgaranti til bankane sin innskotssentral.
- 15. februar: Regjeringa Mowinckel II (V).
- 9. mars: Kyrkjeminister Sigvald Mathias Hasund nekta å tilsetja Kristian Schjelderup som prest på grunn av «hans stilling til den lutherske religion». Dette utløyste ein heftig kyrkjedebatt.
- 24. mai: Umberto Nobile sitt luftskip «Italia» havarerte under eit forsøk på å nå Nordpolen. Roald Amundsen arrangerte ein redningssekspedisjon der han sjølv skulle kome til å mista livet den 18. juni.
- 18. juni: Lov om kornmonopol blei vedteken.
- 27. juni: Opninga av T-banen i Oslo.
- 23. august: Forbod mot fangst av pelssel på Bouvetøya.
- Fredrikshald skifta namn til Halden
- Heimen til Edvard Grieg, Troldhaugen, opna som museum
- Norsk Aero Klubb blei stifta.
- Nordlysobservatoriet i Tromsø blei grunnlagd.
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/80/Che_Guevara_-_Guerrillero_Heroico_by_Alberto_Korda.jpg/170px-Che_Guevara_-_Guerrillero_Heroico_by_Alberto_Korda.jpg)
- Sjå òg Fødde i 1928.
- 25. januar: Eduard Sjevardnadze, sovjetisk-georgisk politikar og statsleiar
- 22. februar: Ingrid Wigernæs, norsk langrennar og idrettsleiar
- 24. februar: Nils Christie, norsk sosiolog
- 26. februar: Fats Domino, USA-amerikansk musikar
- 2. april: Serge Gainsbourg, fransk songar
- 14. april: Egil Monn-Iversen, norsk komponist, film- og teaterprodusent
- 4. mai: Hosni Mubarak, egyptisk statsleiar
- 12. mai: Burt Bacharach, USA-amerikansk musikklear og toneskapar
- 14. juni: Che Guevara, argentinsk-cubansk forfattar, politikar og geriljakrigar
- 26. juli: Stanley Kubrick, USA-amerikansk filmskapar
- 30. september: Elie Wiesel, amerikansk forfattar
- 3. oktober: Kåre Willoch, norsk statsminister
- 14. oktober: Arnfinn Bergmann, norsk skihoppar
- 10. november: Ennio Morricone, italiensk toneskapar
- 11. november: Carlos Fuentes, meksikansk forfattar
- 7. desember: Noam Chomsky, USA-amerikansk språkforskar og filosof
- 22. desember: Fredrik Barth, norsk sosialantropolog
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e0/Roald_Amundsen_cph.3b17878.jpg/170px-Roald_Amundsen_cph.3b17878.jpg)
- Sjå òg Døde i 1928.
- 12. januar: Ruth Snyder, amerikansk mordar, fyrste kvinne avretta i elektrisk stol
- 18. januar: Nordahl Rolfsen, norsk lærebokforfattar
- 21. januar: Nikolai Astrup, norsk målar
- 25. april: Pjotr Wrangel, russisk hærførar
- 2. juni: Otto Nordenskjöld, svensk polarforskar
- 6. juni: Sverre Hassel, norsk oppdagar
- 13. juni: Randi Blehr, norsk kvinnesaksforkjempar
- 18. juni: Roald Amundsen, norsk polfarar
- 12. august: Leoš Janáček, tsjekkisk komponist
- 1. desember: Gunnar Knudsen, norsk statsminister
- 18. desember: Nils Bergslien, norsk målar
- 29. desember: Eilif Peterssen, norsk målar