Albert Schweitzer – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Schweitzer | |
![]() | |
Fødd | Ludwig Philipp Albert Schweitzer 14. januar 1875 Kaysersberg |
---|---|
Død | 4. september 1965 Lambaréné |
Nasjonalitet | Deutsches Reich, Frankrike |
Område | filosofi |
Yrke | teolog, filosof, lege, organist, medisinsk forfattar, universitetslærar, musikkforskar, musikkhistorikar, komponist, misjonær |
Institusjonar | Université de Strasbourg |
Alma mater | Université de Strasbourg Universitetet i Tübingen Filozofická fakulta Německé univerzity v Praze |
Doktorgradsrettleiar | Theobald Ziegler |
Ektefelle | Helene Bresslau |
Barn | Rhena Schweitzer Miller |
Medlem | Académie des sciences morales et politiques American Academy of Arts and Sciences Bayerische Akademie der Schönen Künste Det prøyssiske vitskapsakademiet Sankt Lazarusordenen Schwarzburgbund Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung |
Albert Schweitzer (14. januar 1875–4. september 1965) var ein tysk teolog, musikar, filosof og lækjar. Han vart fødd i Kaysersberg i Alsace (tysk Elsass) i det noverande Frankrike. I 1953 mottok Schweitzer Nobels fredspris for 1952, hovudsakleg for sitt arbeid som lækjar i Afrika.

Schweitzer var mellom dei mest vidgjetne organistane i Europa på fyrste halvdelen av 1900-talet. Han hadde lært orgelspel hjå Charles-Marie Widor i Paris, og gjorde seg merka som tolkar av Johann Sebastian Bach sin orgelmusikk. Som musikkforskar vart Schweitzer vidkjend for tobindsverket Johann Sebastian Bach, som kom i 1908.