nn.wikipedia.org

Ampere – Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Illustrasjon av definisjonen.

Ampere er den grunnleggjande SI-eininga for måling av elektrisk straum. Ein ampere er det same som ein Coulomb per sekund. Symbolet for ampere er A. Ampere har fått namn etter André-Marie Ampère, ein av oppdagarane av elektromagnetismen.

Ein ampere er den konstante straum som dersom den vert oppretthalden i to uendelege lange og paralelle leiarar med neglisjerbart sirkulært tverrsnitt og som er plassert med eit mellomrom på ein meter i vakuum vil produsere ei kraft på 2×10-7 newton per meter.