Anastasija Petryk – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anastasija Petryk | |
![]() | |
Fødd | 4. mai 2002 (22 år) |
---|---|
Fødestad | Odesa |
Fødenamn | Анастасі́я Íгoрівна Пе́трик |
Opphav | Ukraina |
Aktiv | 2009– |
Sjanger | pop |
Instrument | vokal |
Verka som | songar |
Anastasija Ihorivna Petryk (fødd 4. mai 2002 i Odessa) er ein ukrainsk songar.
Petryk var ein av 21 deltakarar som vart valde ut av Natsionalna Telekompanija Ukraïny til å delta i Ditjatsje Jevrobatsjennja 2012, den ukrainske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2012 i Amsterdam i Nederland. Før ho vart vald ut til å delta i Ditjatsje Jevrobatsjennja 2012 måtte ho gjennom ein regional uttaking. Ho vann til slutt tevlinga med songen «Nebo» og fekk representere Ukraina.
Ukraina deltok i Junior Eurovision Song Contest 2012 og vann med 138 poeng; tolv frå Kviterussland, Sverige, Belgia, Russland, Israel, Armenia, Moldova og Nederland, ti frå juryen og Georgia, seks frå Albania og fire frå Aserbajdsjan. I tillegg fekk alle landa tolv poeng før poengutdelinga starta for at ingen skulle få null poeng. Petryk sette rekord i største sigersmargin, 35 poeng framfor andreplassen, og ho var den som fekk flest tolvarar då poenga vart del ut. Fire år tidlegare hadde systera Viktorija Petryk enda på andreplass for Ukraina i Junior Eurovision Song Contest 2008 i Limassol på Kypros med songen «Matrosy».
- Denne artikkelen bygger på «Anastasiya Petryk» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2013.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |