Brukar:Ranveig/Taj Mahal – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taj Mahal er eit mausoleum i byen Agra som ligg i Nord-India. Det vart bygd av stormogul Shah Jahan til minne om yndlingskona hans Arjumand Banu Begum med tilnamnet Mumtaz Mahal ('Pryden til palasset').[1] Bygginga av mausoleet byrja i 1632 og det stod ferdig i 1648. Resten av arbeidet med anlegget rundt var ferdig i 1653.
Mausoleet ligg i eit flatt og roleg landskap ved elva Jamuna (Yamna) i Agra og er bygd i kvit marmor. Byggverket kombinerer element frå persisk, tyrkisk, indisk og islamsk arkitektur og blir rekna blant det ypperste av arkitektur frå Mogulriket, som varte frå tidleg på 1500-talet til midt på 1700-talet og på det største omfatta noko av dagens Afghanistan og mykje av Pakistan, Bangladesh og India.
Lord Curzon sette i verk restaureringsarbeid i åra 1899-1905 medan han var britisk visekonge over India.[2]
Bygget er rekna for å vera eit muslimsk gravkammer. I 1983 blei Taj Mahal ført opp på UNESCO si verdsarvsliste som «eit universelt beundra meisterverk blant verdsarv.» Den 7. juli 2007 blei mausoleet òg utpeikt til eit av dei sju nye underverka i verda.
På persisk tyder ordet taj krone og mahal palass. Ein kan omsetja Taj Mahal til «palasset der krona ligg».

Taj Mahal blei bygd av mogulherskaren Shah Jahan, som herska frå 1628 til 1658, til minne om yndlingskona hans Arjumand Banu Begum med tilnamnet Mumtaz Mahal (Pryden til palasset). Ho døydde i barsel i 1631, i samband med fødselen til det fjortande barnet sitt, Guahara Begum. Etter bygginga av mausoleet blei Shah Jahan sett i fangenskap av sonen sin Aurangzeb, som skulda faren stormannsgalskap og unaudsynleg pengebruk.
Bygningskomplekset ligg inntil ein cirka 300 × 300 meter stor, strengt forma hage med opphøgde gangar som deler inn kvar fjerdedel i seksten nedsenka blomsterrabattar. Eit opphøgt basseng midt i hagen, frå porten til mausoleet, reflekterer bygningen. Hagen inneheld òg allear og fontener. Då britane overtok styret i India, reduserte dei det tidlegare mangfaldet av vene tre og blomar i hagen, til fordel for plenar.
Taj Mahal er omgjeve av ein mur i raud sandsten på tre kantar, medan den fjerde sida mot elva ikkje er verna.
Gravbygningen måler ca. 57 x 57 meter, og ligg på ein marmorsåle som måler cirka 100 x 100 meter. I hjørna av sålen står fire 42 meter høge minaretar som lenar litt utover og er med på å gje bygningen eit preg av lettheit.[3] Minaretane heller svakt utover frå hovudbygningen, slik at dei under eit eventuelt jordskjelv vil falla bort frå han. Kuppelen ragar 70 meter opp med eit spir som fram til 1800-talet var dekt av gull, no av bronse. Spiret er toppa av ein halvmåne med spissane vend mot himmelen, eit typisk islamsk motiv. Halvmånen dannar saman med toppen av spiret ein trefork (trident), eit typisk Shiva-symbol i hinduismen.
På heile bygningen er sitat frå Koranen brukt som dekorasjon. I det indre rommet finst det gravmonument over Mumatz-i-Mahal og Shah Jahan.
Taj Mahal har sidan 1983 stått på UNESCO si liste over verdsarv. I ei global avstemming som blei avslutta 6. juli 2007 blei staden også vald som eitt av dei sju moderne underverka.
-
Sydsiden av Taj Mahal
-
Inngang
-
Bilde fra 1906
-
Detalj fra den utvendige veggen
-
En av ytterveggene
-
Detaljer
-
Shah Jahan, som lot bygge Taj Mahal
-
Taj Mahal, sett fra elven
-
Plan over Taj Mahal, med graven i overkant
-
Spiret
- ↑ «The Reign of Shah Jahan, 1628-1658». islamicart.com. Henta 7. mars 2019.
- ↑ Denise Winterman (7. mars 2013). «The man who demolished Shakespeare's house». BBC News. Henta 31. desember 2014.
- ↑ Aschehougs verdenshistorie, bind 9. Oslo, Aschehoug, 1985, side 131
[[Kategori:Mogulriket]] [[Kategori:Mausoleum]] [[Kategori:Historiske byggverk]] [[Kategori:Byggverk i India]] [[Kategori:Verdsarv i India]] [[Kategori:Kunsthistorie]]