China Central Television – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
China Central Television | |
![]() | |
![]() | |
Org.form | Offentleg selskap |
---|---|
Skipa | 2. september 1958 |
Morselskap | China Media Group |
Land | Folkerepublikken Kina |
Produkt | fjernsyn |
Nettstad | https://www.cctv.com/ (forenkla kinesisk), https://big5.cctv.com/, https://english.cctv.com/ (engelsk), http://mn.cctv.com/ (mongolsk), http://mongol.cctv.com/ (mongolsk) |

China Central Television, ofte omtala ved forkortinga CCTV, (kinesisk skrift 中国中央电视台, pinyin Zhōngguó zhōngyāng diànshìtái), er det største fjernsynsselskapet i Kina.
CCTV kringkasta for første gong den 2. september 1958 under namnet Beijing dianshitai (Beijingfjernsynet), etter prøvesendingar sidan 1. mai. Namnet vart endra til CCTV den 1. mai 1978. I 2008 opna ein det nye hovudkvarteret i Beijing.
Fram til slutten av 1980-talet hadde CCTV, som mange andre kinesiske fjernsynsstasjonar på den tida, berre sendingar på ein kanal. CCTV sendte då berre om kvelden, og sendingane pleide å slutte rundt midnatt. Om sommaren og vinteren sendte CCTV midt på dagen for studentar som hadde ferie. I 2007 hadde CCTV om lag 15 kanalar, blant anna den engelskspråklege CCTV9 som sender heile døgeret.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |
- Offisiell nettstad (en)
- Offisiell nettstad (cn)