Couronne – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Couronne (frå fransk, uttalt kurån>(g)) eller kurong, er eit brikkespel for to eller fire, med spelebord og køar der det gjeld å få brikkene ned i skåler i bordhjørna.[1] Spelet kjem frå det indiske subkontinentet, der det oppstod som ein variant av biljarden til koloniherrene. Utanfor Noreg finst spelet òg utan køar, og med tyngre «skytebrikke».

- Denne artikkelen bygger på «Carrom» frå Wikipedia på tysk, den 4. januar 2007.