nn.wikipedia.org

Dekagon – Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein regulær dekagon

Ein dekagon er i geometrien ein polygon med ti sider og ti vinklar. I ein regulær dekagon har alle sider lik lengd og alle vinklar er lik 144°. Schläfli-symbolet er {10}.

Arealet til ein regulær dekagon med sider med lengde a er gitt av

{\displaystyle A={\frac {5}{2}}a^{2}\cot {\frac {\pi }{10}}={\frac {5a^{2}}{2}}{\sqrt {5+2{\sqrt {5}}}}\simeq 7.694208843a^{2}.}

Ein regulær dekagon kan ein konstruere med passar og linjal. Ein metode er å ta utgangspunkt i konstruksjonen av ein pentagon, og trekke ei line frå kvart hjørne av pentagonen, gjennom sentrum (M) i sirkelen, og ut til sirkelbogen. Slik får vi markert fem nye punkt på sirkelen, og vi kan gjere femkanten om til ein tikant.