Den afrikanske unionen – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![]() | |
![]() | |
Offisielle språk | Arabisk, engelsk, fransk, portugisisk, spansk, swahili (også alle andre språk i Afrika) |
Leiar for Den afrikanske unionen | Mohamed Ould Ghazouani |
Areal – Totalt |
29,797,500 km2 |
Grunnlagd Som OAU – Ikraftsett Som AU |
– 25. mai 1963 |
Tidssone | UTC -1 til +4 |
Nasjonalsong | «Let Us All Unite and Celebrate Together» |
Toppdomene | Ikkje standardisert. |
Den afrikanske unionen (AU) er ein samarbeidsorganisasjon for statane i Afrika og vart danna 9. juli 2002 i Durban i Sør-Afrika. AU etterfølgjer den tidlegare samarbeidsorganisasjonen Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) og har som mål å verta ein meir langtgåande politisk og økonomisk eining enn denne. AU skal fremje demokrati, menneskerettar og utvikling i Afrika. Den fyrste leiaren i organisasjonen var Sør-Afrika sin president Thabo Mbeki. Tanken om ein afrikansk union vart til av Libya sin leiar Muammar al-Gaddafi i 1999. Han vert rekna som hovudarkitekten bak unionsprosjektet.
AU har forlate OAU sitt prinsipp om ikkje-innblanding i statane og skal saman danne ein felles fredsstyrke. Den endra politikken har mellom anna resultert i militært nærvær i Darfur i Sudan og Komorane.
Den afrikanske unionen har 55 medlemmar som omfattar nesten heile det afrikanske kontinentet. Marokko valde lenge å stå utanfor, fordi Vest-Sahara, som det gjer krav på, er medlem. Den 30. januar 2017 kom Marrokko likevel inn som medlem.[1]
På grunn av militærkupp, har følgjande land vorte mellombels suspenderte frå unionen: Burkina Faso, Gabon, Guinea, Mali, Niger og Sudan.
Nr. | Stad | Dato | |
---|---|---|---|
Frå | Til | ||
1 | ![]() |
9. juli 2002 | 11. juli 2002 |
2 | ![]() |
10. juli 2003 | 11. juli 2003 |
![]() |
Februar 2004 (omframt møte) | ||
3 | ![]() |
6. juli 2004 | 8. juli 2004 |
4 | ![]() |
24. januar 2005 | 31. januar 2005 |
5 | ![]() |
28. juni 2005 | 5. juli 2005 |
6 | ![]() |
16. januar 2006 | 24. januar 2006 |
7 | ![]() |
25. juni 2006 | 2. juli 2006 |
8 | ![]() |
22. januar 2007 | 30. januar 2007 |
- ↑ «Morocco rejoins African Union». Worldbulletin. 30. januar 2017. Henta 31. januar 2017.