Didier Dinart – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Didier Dinart | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 18. januar 1977 (48 år) Pointe-à-Pitre |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen, offiser av Den nasjonale fortjenstorden |
Didier Dinart (fødd 18. januar 1977) er ein fransk handballtrenar og tidlegare-spelar, fødd på øya Guadeloupe i Karibia. Han er trefaldig verdsmeister, to gongar olympisk meister og like mange gongar europameister med det franske landslaget. I perioden 1996-2013 deltok han i 379 landskampar for Frankrike og skåra 162 mål. På klubbnivå vann han EHF-meisterligaen for Montpellier og tre gongar for spanske Ciudad Real. Han er elles fransk meister for Montpellier og for PSG, samt spansk meister for Ciudad Real. Dinart var linjespelar.
Perioden 2016-2020 var han landslagssjef for Frankrike.
- Denne artikkelen bygger på «Didier Dinart» frå Wikipedia på tysk, den 27. januar 2022.