Etnedal kommune – Wikipedia
- ️Fri Jan 10 2014
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etnedal kommune | |
kommune | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Innlandet |
Adm.senter | Bruflat |
Areal | 459 km² |
• land | 445 km² |
• vatn | 14 km² |
Folketal | 1 366 (1. januar 2024) |
Målform | nøytral |
Ordførar | Linda Mæhlum Robøle (Sp) |
Kommunenr. | 3450 |
![]() Etnedal kommune 60°58′02″N 9°39′13″E / 60.967222222222°N 9.6536111111111°E | |
Wikimedia Commons: Etnedal | |
Nettstad: www.etnedal.kommune.no |
Etnedal kommune er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord og vest til Nord-Aurdal, i sør til Sør-Aurdal og i aust til Nordre Land. Kommunen ligg omkring det øvre utløpet av elva Etna og er tradisjonelt rekna til landskapet Valdres.
Etnedal kommune vart oppretta i 1894 då Bruflat sokn vart skilt ut frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn vart skilt ut frå Nord-Aurdal. Kommunevåpenet vart godkjend i 1989 og har ei gull kvelvingsbru mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserer Lunde bru.[1]
Elva Etna renn frå innsjøen Steinsetfjorden vest i kommunen, forbi Bruflat, før ho passerer Lunde bru, Høljarast bru og helleristingane ved Møllerstufossen og renn ut i Randsfjorden. Elva er ikkje regulert.
I Etnedal kommune er det høgtliggande område mot Valdres i vest. I nord og aust er det eit meir ope fjellviddelandskap, der det høgste punktet er Spåtind (1414 moh.) på grensa til Nordre Land.[2]
Etnedal kommune har ingen tettstader og busetnaden er spreitt. Busetnaden i kommunen følgjer dei fruktbare områda langsetter dalføra. Administrasjonssenteret ligg på Bruflat. Her er det laga ein park ved omsorgsbustadene, og ein ønskjer å etablere eit lite bygdetun her med gamle hus for aktivitetar.
Hovudnæringane i kommunen er husdyrhald og skogbruk, men det er også aktivitet innanfor industri og turisme.
- Lunde bru, som er motivet på kommunevåpenet. Brua er den lengste steinkvelvsbrua i Nord-Europa, og blei bygd i 1829 som ein del av den gamle kongevegen til Bergen. I 1992 blei ein del av denne vegen pussa opp og er nå i bruk som naturstig og turveg.
- Høljarast bru, krigsminnesmerke.
- ↑ «Kommunevåpenet – bru i blått». Etnedal kommune. Henta 10. januar 2014.
- ↑ «Etnedal». Store Norske Leksikon. Henta 10. januar 2014.
- Etnedal kommune
- Turtips i Etnedal Arkivert 2014-01-10 ved Wayback Machine. – Valdres.no