Folketrygdfondet – Wikipedia
- ️Mon Jun 06 2016
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folketrygdfondet | |
Org.form | Særlovselskap |
---|---|
Org.nr. | 971525061 |
Skipa | 1. januar 1967 |
Eigar | Finansdepartementet i Noreg |
Hovudkontor | Haakon VIIs gate |
Land | Noreg |
Adm.dir. | Kjetil Houg |
Nettstad | http://www.ftf.no/ |
Folketrygdfondet er eit norsk statsorgan (særlovselskap) som forvaltar Statens pensjonsfond – Noreg, som opphavleg hadde namnet Folketrygdfondet. Folketrygdfondet var skipa i 1967 av Per Borten-regjeringa i medhald av lov om folketrygd frå 17. juni 1966. Føresegnene om forvaltinga av fondet vert fastsett av Stortinget.
Folketrygdfondet vert leia av ni styremedlemar utpeika av regjeringa (Kongen i statsråd) for fire år om gongen. Midlane i fondet er plassert i ei lang rekkje ulike aksjar, obligasjonar og verdepapir, og målet er å oppnå størst mogleg avkasting på investeringane innanfor akseptabelt trygge rammer, til det beste for fondet.
- Folketrygdfondet Arkivert 2016-06-06 ved Wayback Machine.
- Lov om Folketrygdfondet