iPhone 11 – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
iPhone 11 | |
![]() | |
Produsent | Apple |
---|---|
Operativsystem | iOS |
Minne | 4 GB LPDDR4X RAM |
Lagring | 64, 128 eller 256 GB |
Batteri | 3,83 V 11,91 W·h (3110 mA·h) Li-ion |
Storleik | Høgd: 150,9 mm Breidd: 75,7 mm Djupn: 8,3 mm |
Vekt | 194 g |
iPhone 11 ein smarttelefon designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han utgjer saman med iPhone 11 Pro og iPhone 11 Pro Max den trettande generasjonen iPhone-telefonar og vart annonsert 10. september 2019 i Steve Jobs Theater i Apple Park-kampusen. Telefonen vart utgjeven 20. september 2019, dagen etter operativsystemet iOS 13 vart offentleg tilgjengeleg.[1]
Dei mest prominente endringane samanlikna med 2018-modellen iPhone XR er ein oppgradert prosessor, Apple A13 Bionic, og eit dobbelt kamerasystem med vidvinkel. iPhone 11 kjem med ein 5W-ladar, medan dei meir kostale iPhone 11 Pro-modellane kjem med ein 18W-ladar som går via USB-C til Lightning.[2]
- ↑ «Nå kan du laste ned iOS 13». Tek.no. 19. september 2019. Henta 4. november 2019.
- ↑ «Apple iPhone 11 - Test». Tek.no. 18. september 2019. Henta 5. november 2019.