nn.wikipedia.org

Isonzo – Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Isonzo
elv

Soča nær Kobarid

Land  Slovenia,  Italia
Nedslagsfelt 3 400 km²
Lengd 140 km
Middelvassføring 140 /s
Kjelde Dei juliske Alpane vest for Triglav
 •  høgd 1 100 moh.
Munning Adriahavet nær Monfalcone
Kart
Isonzo
45°59′40″N 13°38′29″E / 45.994444444444°N 13.641388888889°E
Wikimedia Commons: Soča

Isonzo (slovensk Soča, gamaltysk Sontig) er ei 140 km lang elv i Slovenia og Italia. Kjelda til elva ligg i Trentadalen i Dei juliske Alpane i Slovenia i ei høgd på om lag 1 100 meter over havet. Elva renn forbi det høgaste fjellet i Slovenia, Triglav (2 864 moh) før ho renn sørover forbi byane Bovec, Kobarid, Tolmin, Nova Gorica og Gorizia. Ho munnar ut i Adriahavet nær den italienske byen Monfalcone.

Sočadalen var åstad for store militære operasjonar , inkludert tolv slag ved den italienske fronten under den første verdskrigen mellom mai 1915 og november 1917 der over 300 000 soldatar frå Austerrike-Ungarn og Ungarn mista livet.

I Slovenia vert elva stundom kalla «Den vene smaragdelva» på grunn av det samaragdgrøne vatnet. Ho er visstnok ei av få elvar i verda som har ein slik farge gjennom heile løpet. Soča inspirerte den slovenske diktaren Simon Gregorčič til å skrive det mest kjende diktet hans Soči (Til Soča), eit meisterverk i slovensk poesi.

Isonzo er kjend for den unike aurearten Salmo trutta marmoratus (kalla marmoraure), som lever i det krystallklåre vatnet i dei øvre områda av elva. Arten er utryddingstruga på grunn av at andre fiskeartar vart sett ut i elva mellom dei to verdskrigane.

  • Isonzo

    Isonzo

  • Soča nær Bovec

  • Soča nær Kobarid

  • Soča nær Kobarid

    Soča nær Kobarid

  • Satellittbilete av elvemunningen

    Satellittbilete av elvemunningen

  • Trentadalen

    Trentadalen

  • Soča ved Kanal ob Soči

  • Isonzo nær munningen i Adriahavet ved Isola di Cane

    Isonzo nær munningen i Adriahavet ved Isola di Cane