Jakaya Kikwete – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakaya Kikwete | |
![]() | |
Fødd | 7. oktober 1950 (74 år) Msoga |
---|---|
Statsborgar av | Tanzania |
Religion | Islam |
Yrke | politikar, samfunnsøkonom, militær |
Utdanna ved | Universitetet i Dar-es-Salaam Tanzania Military Academy Kibaha Secondary School |
Ektefelle | Salma Kikwete |
Alle verv |
Jakay Mrisho Kikwete (fødd 7. oktober 1950) er ein tanzaniansk politikar som var president i landet frå 21. desember 2005 til 5. november 2015, og var den fjerde presidenten sidan Tanzania vart sjølvstendig. Han var òg formann i Den afrikanske unionen frå 31. januar 2008 til 2. februar 2009. Kikwete høyrer til det leiande partiet i Tanzania, Chama cha Mapunduzi (CCM), som har hatt makta i Tanzania sidan det vart oppretta i 1977. Kikwete vart vald til president 21. desember 2005, og vart vald til ein ny periode i valet i 2010. Av di han hadde sete i to periodar kunne han ikkje veljast på ny i valet i 2015, og vart difor fylgt av John Magufuli frå same parti 5. november 2015.[1]
- ↑ «Tanzania's Magufuli sworn in as president» (på engelsk). Yahoo! News. 5. november 2015. Henta 1. april 2017.[daud lenkje]