nn.wikipedia.org

Jeremias bok – Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

'Jeremia jamrar seg over øydelegginga av Jerusalem'. Måleri av Rembrandt van Rijn, ca. 1630

Jeremias bok (hebraisk יִרְמְיָהוּ [jirməjāhū]) er ei av bøkene i Tanákh/Gamletestamentet i Bibelen. Ho skildrar livet og spådommane til profeten Jeremia, som levde medan tempelet til Salomo stod og då kongeriket Judea blei erobra av babylonarane.