nn.wikipedia.org

Juletrefot – Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det svenske barnebladet Jultomten 1898 med framsideillustrasjon av Gerda Tirén som viser ein nisse som spikkar til juletre som skal setjast i ein enkel krossforma fot av tre

Ein juletrefot er ei innretning som held eit juletre ståande. Ein slik haldar kan vera laga av tre, metall eller plast. Juletrefoten skal halda treet stødig, samstundes som han skal vera liten nok til at ein kan gå rundt treet. Han kan også innehalda vatn som treet kan suga opp.

Juletrefoten er blitt tillagd kristen symbolikk ved det at han opphavleg gjerne var laga av to krosslagde plankebitar.

Juletreføter for kunstige tre treng ikkje innehalda vatn, men kan ha andre roller. Føter for aluminiumsjuletre kan til dømes vera farga, gjennomskinnelege hjul som ved gjennomlysing kasta fargar på metallgreinene til treet.[1] Nokre gonger kunne denne også rotera og slik endra fargane.[2]

  • Smidd juletrefot med tre føter.

    Smidd juletrefot med tre føter.

  • Juletrefot av metall med tre føter.

    Juletrefot av metall med tre føter.

  • Amerikansk juletrefot frå 1919 med reservoar for vatn.

    Amerikansk juletrefot frå 1919 med reservoar for vatn.

  • Krukkeforma juletrefot

    Krukkeforma juletrefot

  • Rund juletrefot av plast

    Rund juletrefot av plast

  • Dekorativ juletrefot som framstiller Jesusbarnet, Christkind.

    Dekorativ juletrefot som framstiller Jesusbarnet, Christkind.

  1. "A dark family secret: the artificial Christmas tree", Oakland Tribune, 24. desember 2006, via findarticles.com, vitja 21. desember 2008.
  2. Lukas, Paul. "Trees Made of Tinsel", Money Magazine, via CNNMoney.com 1. desember 2004, vitja 21. desember 2008.