Kohtla-Järve – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kohtla-Järve | ||
by | ||
|
||
Land | ![]() | |
---|---|---|
Fylke | Ida-Viru maakond | |
Areal | 39,34 km² | |
Folketal | 33 434 (1. januar 2024)[1] | |
Første gong nemnd i | 1241 | |
• Grunnlagd | 1924 | |
• Bystatus | 1946 | |
![]() Kohtla-Järve 59°24′00″N 27°17′00″E / 59.4°N 27.283333333333°E | ||
Wikimedia Commons: Kohtla-Järve |
Kohtla-Järve er ein by og kommune nordaust i Estland. Busetnaden vart grunnlagd i 1924, og fekk bystastus i 1946. Byen er særs industrialisert, og produserer forskjellige petroleumsprodukt og handsamar oljeskifer. Byen har eit etnisk mangfald, og inneheld folk frå nesten 40 forskjellige etniske grupper, og berre 21 % er estlendarar. Mange av dei etniske estlendarane i byen har russisk som morsmål, men frå seint på 1990-talet har stort sett estisk vore det mest brukte språket i kvardagen. Kohtla-Järve er den fjerde største byen i Estland.
Historia til Kohtla-Järve er tett knytt til historia om utvinninga av oljeskifer, det viktigaste mineralet i Estland.
Ein har funne spor etter busetnadar i området sidan mellomalderen, og i ei dansk landbok vart Järve og Kukruse nemnd i 1241 med namna Jeruius og Kukarus, og landsbyen Sompa i 1420 med namnet Soenpe.
Lokale innbyggjarar var klar over oljskiferen sine gode fyringseigenskapane i mange hundreår, men den industrielle utvinninga i Estland byrja først på 1900-talet. I 1916 viste forskarar at oljeskifer kan brukast til både drivstoff og som råmateriale for kjemisk industri, og gruvedrifta starta nær landsbyen Järve. I 1919 vart det danna eit statleg industriselskap for å vinne ut oljeskiferen, og ein byrja omfattande utvinning med både gruvedrift og dagbrot. Busetnadar for gruvearbeidarane vart oppretta i nærleiken av gruvene. I 1924 vart det bygd ein fabrikk for å handsame oljeskiferen nær Kohtla jarnbanestasjon, og den nærliggande busetnaden Kohtla-Järve byrja å vekse.
Under den andre verdskrigen voks deiestiske førekomstane av oljeskifer. Tyskarane, som okkuperte Estland, såg på det som ei viktig drivstoffkjelde. Dei kom derimot aldri i gang med stortstilt utvinning.
Etter krigen kravde industriar nordvest i Sovjetunionen oljeskifer i stadig større mengder, og utvinninga auka stort. Kohtla-Järve fekk bystatus 15. juni 1946. I løpet av dei neste 20 åra vart Kohtla-Järve det administrative senteret for fleire landsbyar i området, og etter kvart som Kohtla-Järve vart utvida, vart han ein by med unik planløysing, der delar av byen var spreidd i skogen, med jordbruksområde og oljeskifergruver innimellom. Det totale folketalet auka stort fordi arbeidarar vart sende hit frå forskjellige stader i Sovjetunionen, og i 1980 budde det 90 000 innbyggjarar i byen.
I 1991 minka talet på bydistrikta, og Jõhvi, Kiviõli og Püssi vart eigne landsbyar. Utvinninga og handsaminga av oljeskifer minka dramatisk i 1990-åra, og mange av innbyggjarane i Kohtla-Järve flytta til Tallinn eller Russland på grunn av høg arbeidsløyse i Ida-Viru fylke.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://andmed.stat.ee/en/stat/rahvastik__rahvastikunaitajad-ja-koosseis__rahvaarv-ja-rahvastiku-koosseis/RV0282U; vitjingsdato: 1. september 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Kohtla-Järve» frå Wikipedia på engelsk.