Kristiansund – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristiansund | |
stad | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommune | Kristiansund |
Areal | 8,42 km² |
Folketal | 18 103 (2023) |
Folketettleik | 2 150 / km² |
Postnummer | 6500 KRISTIANSUND |
Innbyggjarnamn | kristiansundar |
Preposisjon | i Kristiansund |
Ferdselsårer | ![]() ![]() Hurtigruta, Kristiansund lufthamn, Kvernberget |
![]() Kristiansund 63°06′38″N 7°43′41″E / 63.11045°N 7.72795°E | |
Wikimedia Commons: Kristiansund (town) |
Kristiansund er ein by og administrasjonssenter i Kristiansund kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Dette er den største tettstaden i kommunen.
Tettstaden Kristiansund hadde 17 002 innbyggjarar per 1. januar 2009, og 18 103 innbyggjarar per 1. januar 2023. Kristiansund ligg på dei tre øyane som utgjer Kristiansund: Nordlandet, Kirklandet/Gomalandet og Innlandet.
Alle dei vesentlege sentrumsfunksjonane i Kristiansund kommune ligg i tettstaden Kristiansund.
Etter at Frei kommune vart slegen saman med Kristiansund kommune frå 1. januar 2008 har Kristiansund kommune fått fire tettstader til: Rensvik, Solsletta, Storbakken og Kvalvåg.