nn.wikipedia.org

Lüneburg – Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lüneburg
by

Våpenskjold

Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Landkreis Lüneburg
Høgd 17 m
Areal 70,5 km²
Folketal 77 511 (31. desember 2023)
Først nemnd i 957
Postnummer 21335–21339
Retningsnummer 04131
Bilnummer LG
Kart
Lüneburg
53°15′09″N 10°24′52″E / 53.2525°N 10.414444444444°E
Wikimedia Commons: Lüneburg

Lüneburg er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 80 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 50 km søraust for Hamburg og er administrasjonsstad i landkreisen med same namn. Byen dannar eit storbyområdet i lag med dei omliggande kommunane Adendorf, Bardowick og Reppenstedt med litt over 100 000 innbyggjarar.

Elva Ilmenau, ei av sideelvane til Elbe, renn gjennom Lüneburg.

Den nazistiske krigsforbrytaren Heinrich Himmler tok sitt eige liv i Lüneburg etter at han vart fanga av den britiske hæren. Han svelde ein pille med kaliumcyanid før avhøyret av han byrja.

Byen har sitt opphav i antikken og kan vere byen Leufana eller Leuphana (gresk Λευφάνα) som vart nemnd av Klaudios Ptolemaios (2.10) som ein by nord i Tyskland vest for Elbe. Alle er derimot ikkje einige om dette.

I mellomalderen vart byen svært rik som følgje av handel med salt som vart utvinne ved å koke vekk vatnet som vart henta frå kjelder med særs salthaldig vatn i området. Det var fleire saltverk rundt byen, og saltet vart eksportert til dei omliggande lena. Langs den gamle saltruta vart det transport via Lauenburg til Lübeck og frå her vidare til alle kystområda i Austersjøen. Lüneburg var lenge ein av hovudstadane til hertugane av Braunschweig-Lüneburg, og byen og saltet her frå var ein av dei største medverkande faktorane til at Hansaen vart rik og mektig.

Lüneburg vart først nemnd i 956. Etter ei lang oppgangstid vart han mindre viktig etter 1600. Saltgruvene vart stengde i 1980, og enda ein tusen år lang tradisjon med saltutvinning. I 1989 vart det oppretta eit universitet i byen. Det avskoga området som følgje av saltproduksjonen danna det unike landskapet kalla Lüneburger Heide (Lüneburgheiane eller vidda).

Den gamle hamna.