Lampione – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2e/Pelagie_Islands_map.png/220px-Pelagie_Islands_map.png)
Lampione (italiensk for lykt) er ei lita øy i Middelhavet, som er ein del av Dei pelagiske øyane og som administrativt høyrer til kommunen Lampedusa. Ho er 700 meter lang, 180 meter brei og har eit areal på 1,2 km². Det høgaste punktet er 36 meter over havet.
Øya er ikkje busett og den einaste bygningen på øya er eit fyr. I følgje ei segn var øya ein stein som hadde falle frå handa til ein kyklop.
Lampione er ein del av eit naturreservat.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lampione frå Engelsk Wikipedia .