nn.wikipedia.org

Nordland fylke – Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

(Omdirigert frå Nordland)

«Nordland» omdirigerer hit. For avisa med same namn, sjå Avisa Nordland.

Nordland fylke
fylke

Fylkesvåpen

Land  Noreg
Del av Nord-Noreg
Adm.senter Bodø
Areal 38 460 km²
 •  land 36 194 km²
 •  vatn 2 266 km²
Folketal 243 081  (1. januar 2024)
Folketettleik 7 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Hill-Marta Solberg
Fylkesordførar Sonja Alice Steen (Ap)
 •  Fylkesrådsleiar Tomas Norvoll (Ap)
Fylkesnummer 18
Kart
Nordland fylke
66°50′00″N 14°40′00″E / 66.833333333333°N 14.666666666667°E
Wikimedia Commons: Nordland
Nettstad: www.nfk.no

Nordland er ein norsk fylkeskommune. Fylket er inndelt i distrikta Helgeland, Salten, Ofoten, Lofoten og Vesterålen. Administrasjonssenteret ligg i Bodø.

Nordland grensar til Troms fylke i nord, til Trøndelag fylke i sør, og til dei svenske fylka Norrbottens län og Vesterbottens län i høvesvis nordaust og søraust.

Fylket er parlamentarisk styrt. Fylkesrådet er leia av Tomas Norvoll frå Arbeidarpartiet, medan Sonja Alice Steen frå Ap er fylkesordførar.

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2024.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd (km²) Målform[1] Distrikt
1804 Bodø kommune Bodø Bodø 53 712 1 393 nøytral Salten
1806 Narvik kommune Narvik Narvik 21 580 2 023 Ofoten
1811 Bindal kommune Bindal Terråk 1 399 1 265 bokmål Helgeland
1812 Sømna kommune Sømna Vik 1 976 194
1813 Brønnøy kommune Brønnøy Brønnøysund 7 826 1 041 nøytral
1815 Vega kommune Vega Gladstad 1 208 163 bokmål
1816 Vevelstad kommune Vevelstad Vevelstad 480 539
1818 Herøy kommune Herøy Sivalen 1 842 65
1820 Alstahaug kommune Alstahaug Sandnessjøen 7 421 187 nøytral
1822 Leirfjord kommune Leirfjord Leland 2 352 465
1824 Vefsn kommune Vefsn Mosjøen 13 469 1 929
1825 Grane kommune Grane Trofors 1 447 2 010
1826 Hattfjelldal kommune Hattfjelldal Hattfjelldal 1 284 2 684
1827 Dønna kommune Dønna Solfjellsjøen 1 427 194 bokmål
1828 Nesna kommune Nesna Nesna 1 808 183
1832 Hemnes kommune Hemnes Korgen 4 485 1 589 nøytral
1833 Rana kommune Rana Mo i Rana 25 994 4 461
1834 Lurøy kommune Lurøy Lurøy 1 886 265 bokmål
1835 Træna kommune Træna Husøya i Træna 442 16
1836 Rødøy kommune Rødøy Vågaholmen 1 139 711 nøytral
1837 Meløy kommune Meløy Ørnes 6 180 874 bokmål
1838 Gildeskål kommune Gildeskål Inndyr 1 958 662 nøytral Salten
1839 Beiarn kommune Beiarn Moldjord 1 062 1 222 bokmål
1840 Saltdal kommune Saltdal Rognan 4 880 2 215
1841 Fauske kommune Fauske Fauske 9 827 1 210
1845 Sørfold kommune Sørfold Straumen 1 858 1 636
1848 Steigen kommune Steigen Leinesfjord 2 672 1 007
1851 Lødingen kommune Lødingen Lødingen 2 060 525 Ofoten
1853 Evenes kommune Evenes Bogen 1 330 252
1856 Røst kommune Røst Røstlandet 460 10 Lofoten
1857 Værøy kommune Værøy Sørland 683 18
1859 Flakstad kommune Flakstad Ramberg 1 229 178 nøytral
1860 Vestvågøy kommune Vestvågøy Leknes 11 619 423
1865 Vågan kommune Vågan Svolvær 9 793 478
1866 Hadsel kommune Hadsel Stokmarknes 8 236 566 bokmål Vesterålen
1867 Bø kommune Bø i Vesterålen 2 634 247 nøytral
1868 Øksnes kommune Øksnes Myre 4 569 319
1870 Sortland kommune Sortland Sortland 10 618 722
1871 Andøy kommune Andøy Andenes 4 553 656
1874 Moskenes kommune Moskenes Reine 954 119 Lofoten
1875 Hamarøy kommune Hamarøy Oppeid 2 729 1 031 Salten
18 Nordland fylke Nordland Bodø 243 081 38 460 nøytral Nordland

Trass i at Nordland har ei stor utstrekning frå nord til sør, er klimaet langs kysten forholdsvis einsarta nord til Lofoten og Vesterålen, som i mange situasjonar markerer eit vêrskilje. Fylket ligg særskild utsett til for lågtrykk som vert danna i Island- og Jan Mayen-området og går raskt mot aust.

Den vanlegaste vindretninga er hovudsakleg frå sørvest, men det er store variasjonar. Kald utfallsvind frå søraust og aust, særskild sterk ved fjordmunningane, er vanleg om vinteren og kan nå kuling styrke, og ein sjeldan gong storm, når eit kraftig lågtrykk kjem frå vest. I roleg sommarvêr bles det gjerne frå nord eller nordvest ved kysten og innover dei større fjordane. Det er liten kuling eller meir kring 10 % av tida, medan det er storm under 1 % av året.

Nærleiken til havet gjer at februar som regel er den kaldaste månaden. Middeltemperaturen er kring 0 °C på kysten og øygruppene. Ingen andre stader på same breiddegrader har eit så mildt vinterklima som Lofoten. Dei skjerma innlandsområda nær svenskegrensa er kaldast i januar med temperaturar kring –5 til –10 °C. Middeltemperaturen for juli varierer mellom 11 °C ytst i Lofoten til 14–15 °C i indre strøk.

Årsnedbøren varierer med terrenget frå 600-700 mm på dei ytste øyane til over 2000 mm i kystnære fjellområde. I Lofoten og Vesterålen kan ein særskild sjå store skilnader i nedbørsveridane over korte distansar, noko som hovudsakleg kjem av at sjølv moderate høgder kan utløyse og forsterke byenedbør. I dalstrøka lengst aust er årsnedbøren kring 500–750 mm. Her kjem det mest nedbør om sommaren, medan kysten får mest nedbør på hausten.

Det er 45 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2015:

Parti: Representantar:
Arbeidarpartiet 17
Høgre 9
Framstegspartiet 5
Senterpartiet 5
Sosialistisk Venstreparti 2
Raudt 2
Venstre 2
Kristeleg Folkeparti 2
Miljøpartiet dei grøne 1