Norsk bremuseum – Wikipedia
- ️Mon Mar 17 2014
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e9/Isbremuseet.jpg/220px-Isbremuseet.jpg)
Foto: Frode Inge Helland
Norsk Bremuseum ligg i bygda Fjærland i Sogndal kommune. Det særmerkte museumsbygget er teikna av arkitekten Sverre Fehn.
Bremuseet har ei innhaldsrik forklaring på korleis breane fungerer og korleis dei oppstod. I tillegg finst det mange utstillingar og modellar av isbrear og eigenskapane deira. Museet inneheld også ein kinosal der ein kan sjå film om Jostedalsbreen.
Norsk Bremuseum - Bresenteret i Fjærland er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.
Norsk bremuseum ved arkitekt Sverre Fehn fekk arkitekturprisen Betongtavlen for 1992 og Houens fonds diplom for 1994.[1][2]
- Jostedalsbreen nasjonalpark - bremuseet er nasjonalparksenter, med informasjon om nasjonalparken
- ↑ Betongtavlen 1961-2008 Arkivert 2014-03-17 ved Wayback Machine. frå Betong.net
- ↑ Houens fonds diplom arkivert utgåve
- Norsk bremuseum
- Kulturnett Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine.