Reykjavík – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reykjavík | ||
hovudstad | ||
Reykjavík sett frå Hallgrímskirkja. | ||
|
||
Land | ![]() | |
---|---|---|
Areal | 274 538 739 km² | |
Folketal | 139 875 (1. januar 2023)[1][2] | |
Tidssone | GMT (UTC+0) | |
![]() Reykjavík 64°08′51″N 21°56′06″W / 64.1475°N 21.935°W | ||
Wikimedia Commons: Reykjavík |
Reykjavík er hovudstaden og den største byen på Island. Byen ligg på halvøya Seltjarnarnes inst i Faxaflói, i golde omgjevnader med utsyn til fjella kringom. Byen er økonomisk og kulturelt senter i landet.
Midt i Reykjavík ligg den vesle sjøen Tjörnin som bruker å vera delvis isfri vinterstid grunna det varme vatnet. I det nordvestre hjørnet ligg rådhuset i byen som vart reist 1992. I nærområdet ligg Alþingi som vart bygd i 1881 og domkyrkja frå 1800-talet. Busetnaden er tidvis usamanhengande og utgjer for det meste småhus i tillegg til blokker, som oftast er bygde i betong. Dei fleste husa vert varma opp med varmt vatn frå varme kjelder. På ei høgd sørvest for sentrum ligg Hallgrímskirkja, den største kyrkja på Island. Like føre kyrkja er det eit monument av Leiv Eiriksson som er ei gåve frå USA.
Folketalet i Reykjavík i 2012 var 118 814 (58 839 menn og 59 875 kvinner).[treng kjelde] 203 594 menneske bur i hovudstaden med forstadene (Höfuðborgarsvæðið). I området kring byen ligg desse kommunane:
- Álftanes: 2 419
- Garðabær: 11 283
- Hafnarfjörður: 26 486
- Kópavogur: 31 205
- Mosfellsbær: 8 854
- Seltjarnarnes: 4 313
- Kjósarhreppur: 220
Historiske folketal:
- 1801: 600
- 1860: 1 450
- 1901: 6 321
- 1910: 11 449
- 1920: 17 450
- 1930: 28 052
- 1940: 38 308
- 1950: 55 980
- 1960: 72 407
- 1970: 81 693
- 1980: 83 766
- 1985: 89 868
- 1990: 97 569
- 1995: 104 258
- 2003: 113 387
- 2007: 117 721
- «Reykjavík» i Store norske leksikon, snl.no.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2024 |