nn.wikipedia.org

Sande kommune i Møre og Romsdal – Wikipedia

  • ️Sat Jul 02 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sande kommune
kommune

Kommunevåpen

Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Larsnes
Areal 93,21 km²
 •  land 90,17 km²
 •  vatn 3,04 km²
Folketal 2 438  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Dag Vaagen[1] (H) (2023)
Kommunenr. 1514
Kart
Sande kommune
62°15′30″N 5°25′53″E / 62.258333333333°N 5.4313888888889°E
Kart som viser Sande kommune i Møre og Romsdal.
Kart som viser Sande kommune i Møre og Romsdal.

Kart som viser Sande kommune i Møre og Romsdal.

Wikimedia Commons: Sande, Møre og Romsdal
Nettstad: www.sande-mr.kommune.no

Sande er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Stad kommune.

Lokalavisa for Sande er Vestlandsnytt, medan Sunnmørsposten er regionavis.

Tusenårsstaden til Sande kommune er friluftsområdet «Kongsvollen» på Sandsøya. Her finn «Spelet om kong Arthur» stad. Spelet var kommunen sitt tusenårsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til øya Doll, eit tidlegare namn på Sandsøya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist kvar sommar med stor suksess.