Sjølvstendekrig – Wikipedia
Utsjånad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein sjølvstendekrig er ein konflikt som dreier seg om eit område som har erklært sjølvstende. Når staten som tidlegare styrte området sender soldatar eller andre militære styrkar for å hevde suverenitet (kontroll/overhøgd), eller folkesetnaden i området går i strid mot desse styrkane, reknar ein det som starten på ein sjølvstendeoppreist. Dersom dei som erklærer sjølvstende lukkast med å opprette ein ny stat, vil konlfikten vidare som regel vera kjend som ein sjølvstendekrig.



Nokre sjølvstendekrigar
- Åttiårskrigen var ein nederlandsk sjølvstendekrig mot Spania under habsburgarane i tida 1568-1648. Enda med sjølvstende for dei nordlege Nederlanda, dagens Nederland.[1]
- Den amerikanske sjølvstendekrigen eller Den amerikanske revolusjonen (1775/1776-1783), ende med at USA fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- Den greske sjølvstendekrigen (1821–1829), ende med sjølvstende frå Det osmanske riket for Hellas.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «War of independence» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2019.