Staffordshire – Wikipedia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staffordshire | |
grevskap | |
Land | ![]() |
---|---|
Region | Aust-England |
Del av | Vest-Midlands |
Areal | 2 713 km² |
Folketal | 1 069 000 (2008) |
Grunnlagd | Historisk |
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
![]() Staffordshire 52°48′25″N 2°06′58″W / 52.806944444444°N 2.1161111111111°W | |
Wikimedia Commons: Staffordshire |
Staffordshire (forkorta Staffs) er eit grevskap i Vest-Midlands i England. Delar av National Forest ligg i grevskapet. Det grensar til dei seremonielle grevskapa Cheshire, Derbyshire, Leicestershire, Warwickshire, West Midlands, Worcestershire og Shropshire.
Den største byen i Staffordshire er Stoke-on-Trent, som vert styrt separat frå resten av grevskapet som ei sjølvstendig sameint styresmakt. Lichfield har òg bystatus, og andre byar er Stafford (administrasjonsstad), Burton upon Trent, Cannock, Newcastle-under-Lyme og Tamworth. Wolverhampton og Walsall var tidlegare ein del av Staffordshire fram til 1974, men ligg i dag i West Midlands county.
Bortsett frå Stoke-on-Trent er Staffordshire delt inn i distrikta Cannock Chase, East Staffordshire, Lichfield, Newcastle-under-Lyme, South Staffordshire, Stafford, Staffordshire Moorlands og Tamworth.
- Denne artikkelen bygger på «Staffordshire» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.