nn.wikipedia.org

Stavanger bispedømme – Wikipedia

  • ️Fri Aug 25 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stavanger domkyrkje. Ruinane av Mariakyrkja i Stavanger ligg framom
Anne Lise Ådnøy er biskop i Stavanger siden mars 2019.
Erling Pettersen var biskop i Stavanger frå 2009 til mars 2017.[1]

Stavanger bispedøme er eit bispedøme i Den norske kyrkja. Biskopen har sete i Stavanger, medan hovudkyrkja i bispedømet er Stavanger domkyrkje. Biskop i Stavanger er Anne Lise Ådnøy siden mars 2019.

Både byen Stavanger og bispedømet er frå kring 1125 av bygd opp kring domkyrkja. Etter attopprettinga i 1925 har bispedømet omfatta Rogaland fylke. I mellomalderen var bispedømmet på sitt største, og omfatta Agder, Rogaland, områda Hallingdal og Valdres og sokna Røldal og Eidfjord i seinare Hordaland fylke.

I 1682 avgjorde kong Kristian V av Danmark-Noreg at bispesetet i Stavanger skulle flyttast til Kristiansand. Bispesetet og bispedømet vart oppretta att til Stavanger og domkyrkja sitt åttehundreårsjubileum i 1925. Kong Haakon VII av Noreg sette inn Jacob Christian Petersen som den fyrste biskopen av Stavanger på 250 år.

  • Reinald om lag 1112-1135
  • Jon Birgersson, 1135-1152
  • Peter, 1152-??
  • Amund, ??-1171
  • Eirik Ivarsson, 1171-1188
  • Njål, 1189/90-1207
  • Henrik, 1207-1224
  • Askell Jonsson, 1226-1254
  • Torgils, 1255-1276
  • Arne, 1277-1303
  • Ketil, 1304-1317
  • Håkon Halldorsson, 1318-1322
  • Eirik Ogmundsson, 1322-1342

Stavanger bispedømme har følgjande prosti:

Bispedømmet har har følgjande fellesråd: