Tekoa i Gush Etzion – Wikipedia
- ️Mon Mar 01 2021
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Takoa | |
landsby | |
Trespråkleg vegskilt på veg inn i Tekoa | |
Region | Vestbreidda |
---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området |
Koordinatar | 31°39′10.86″N 35°13′44.52″E / 31.6530167°N 35.2290333°E |
Folketal | 4 315 (2021)[1] |
![]() Tekoa i Gush Etzion 31°39′11″N 35°13′45″E / 31.653016666667°N 35.229033333333°E | |
Wikimedia Commons: Tekoa |
Tekoa (hebraisk skrift תְּקוֹעַ) er ein israelsk-jødisk fellesbusetnad og israelsk busetjing nord i Judeafjella, 20 km nordaust for Hebron og 16 km sør for Jerusalem på den okkuperte Vestbreidda. Tekoa er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[2] Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3] Like i nærleiken ligg den arabiske landsbyen Tuquʿ (arabisk تقوع).
I følgje Samuel, skal Joab ha skaffa ei «vis kvinne» frå Tekoa for å overtale David om å hente Absalom attende til Jerusalem (2 Sam. 14:2, 4, 9). Landsbyen var fødestaden til Ira, son av Ikkesh, som var ein av krigarane til kong David. Tekoa er kjend som fødestaden til profeten Amos i Gamletestamentet (Amos 1:1).[4] Bibelen hevdar byen vart grunnlagd av efratittar frå Betlehem i nord og kalebittar frå Hebron i sør. Det vart bygd festningsverk og han tente som administrativt senter i området.[5]
Den moderne busetjinga vart grunnlagd i 1975 som ein Nahal-utpost. I 1977 vart han gjeven over til sivile innbyggjarar.[6] Busetjinga ligg på toppen av ei høgd blant ruinane av den bibelske Tekoa, 8 km sør for Betlehem ved foten av Herodion (Herodospalasset).
- Denne artikkelen bygger på «Tekoa, Gush Etzion» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
- ↑ http://www.gush-etzion.org.il/communities.asp
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. september 2011.
- ↑ Thekoa - (Tuqu'a) Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem.
- ↑ Historie of Tekoa
- ↑ Nahal-busetnader (hebraiske) Arkivert 2021-03-01 ved Wayback Machine.