Vega kommune – Wikipedia
- ️Sun Apr 03 2005
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vega kommune | |
kommune | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Nordland |
Adm.senter | Gladstad |
Areal | 164,79 km² |
• land | 162,65 km² |
• vatn | 2,14 km² |
Folketal | 1 208 (1. januar 2024) |
Målform | bokmål |
Ordførar | Andre Møller (Ap) |
Kommunenr. | 1815 |
![]() Vega kommune 65°40′31″N 11°57′28″E / 65.675277777778°N 11.957777777778°E | |
Wikimedia Commons: Vega, Nordland | |
Nettstad: www.vega.kommune.no |
- Sjå òg stjerna Vega
Vega er ein øykommune på Helgeland i Nordland fylke som grensar til kommunane Brønnøy, Vevelstad og Alstahaug. Dei 6 500 øyane, holmane og skjera i kommunen står på UNESCO si verdsarvliste.
I tillegg til hovudøya Vega har også øyane Ylvingen og Omnøy fastbuande. Andre øyer er Søla og Skogsholmen. På sørsida av øya Vega ruver dei om lag 700 meter høge Vegtindan, medan nordsida hovudsakleg er myrlandskap.
Dei eldste busettingane på Vega er datert til steinalderen, 10 000 år tilbake. Dette er den aller tidlegaste påviste busettinga i Nord-Noreg. Truleg var det dei fiskerike grunnvassområda rundt øya som gjorde at folk busette seg der.
Kommunen er deltakar i Skulpturlandskap Nordland med skulpturen «En ny samtale» av den finske kunstnaren Kain Tapper.
Dei viktigaste næringsområda i kommunen er jordbruk, fiske og lokal tenesteyting. Det finst òg ein del fiskeforedling i kommunen.
- Vega kommune sin nettstad
- Vega verdensarv Arkivert 2005-04-03 ved Wayback Machine.