Vennesla kyrkje – Wikipedia
- ️Sat Jan 04 2014
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vennesla kyrkje | |
kyrkje | |
Foto: Jan-Tore Egge | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Agder |
Kommune | Vennesla |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
Bispedøme | Agder og Telemark |
Prosti | Otredal |
Sokn | Vennesla |
Fellesråd | Vennesla |
Material | Stein og tre |
Innvigd | 22. august 1830 |
• Endringar | 1886, 1925, 1967–68 |
Kyrkjegard | Ved kyrkja |
Døypefont | Jacob Mørk, 1951 |
Altartavle | Renessansestil, 1638 |
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1975 |
Sitjeplassar | 240 |
![]() Vennesla gamle kyrkje 58°16′35″N 7°58′09″E / 58.27628694°N 7.969208°E | |
Wikimedia Commons: Vennesla gamle kirke |
Vennesla kyrkje er ei langkyrkje i Vennesla kommune i Agder. Kyrkja vart rapportert ferdig i oktober 1829, men vart ikkje innvigd før 22. august året etter.
Skipet og koret er av stein, medan sakristiet i aust og vesttårnet med sidebygg er av tre. Kyrkja avløyste ei kirke frå første halvdel av 1600-talet. Tårnet vart gjort høgre i 1886, og interiøret vart restaurert i 1925.
Vennesla kyrkje er prostikyrkje i Otredal prosti.
Det er kyrkjegard attmed kyrkja og på den andre sida av fylkesveg 405.
- Sagedal, Arnfinn (1980). Sølvtråden. Festskrift ved Vennesla kirkes 150-årsjubileum. Vennesla menighetsråd.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 465. ISBN 82-7527-022-7.
- Vennesla kommune Arkivert 2014-01-04 ved Wayback Machine.
- «Vennesla kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Vennesla kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Denne artikkelen bygger på «Vennesla kyrkje» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2014.