ordbokene.no

samfunn | Nynorskordboka

Opphav

norrønt samfundr ‘samkome’

Tyding og bruk

  1. gruppe av folk med sams tru, meiningar, føremål osv.;

    foreining

    Døme
    • eit samfunn av dei heilage
  2. folk i ein stat (med felles institusjonar, lover, sedvanar, tradisjonar og liknande)

    Døme
    • individ og samfunn;
    • samfunnet i dag;
    • dei små i samfunnet
  3. (folket i) bygd, by, kommune, tettstad

    Døme
    • eit lite, avstengt samfunn
  4. dyrekoloni med ei viss form for organisasjon

    Døme
    • mauren lever i samfunn