ordbokene.no

Hjelp

Du kan vise innhaldet i ordbøkene på tre måtar: vanleg søk, artikkeloppslag og avansert søk. I vanleg søk blir du sendt vidare til oppslagsordet dersom det einaste treffet er ei bøygd form av dette ordet. Dersom du har fleire treff i bøygde former, kan du sjå dei i ei liste med lenkjer. Du kan samanlikne to søkjeord ved å bruke teiknet |. Dersom du samanliknar fleire enn to ord eller nyttar jokerteikn, blir du sendt til avansert søk. Les meir om avansert søk her.

Kvart enkelt oppslagsord og dei opplysingane som blir gjevne om det, blir kalla ein artikkel. Dei fullstendige artiklane blir viste som søkjeresultat i vanleg og avansert søk, med mindre du har slått på listevisning i innstillingar. Dersom du vil sjå ein artikkel for seg sjølv, utan dei andre treffa på søkjeordet, kan du trykkje «artikkelside» nedst til høgre i artikkelboksane. Dersom du trykkjer «kopier lenke» eller «del», vil du òg få ei lenkje til artikkelsida, ikkje til søket ditt.

Under søkjeresultata finn du ikkje berre lenkjer til treff i bøygde former, men òg til liknande søkjeord og moglege omsetjingar mellom nynorsk og bokmål.

Språkrådet, logoUniversitetet i Bergen, logo

Bokmålsordboka

og

Nynorskordboka

viser skrivemåte og bøying i tråd med norsk rettskriving. Språkrådet og Universitetet i Bergen står bak ordbøkene.