snl.no

Drangedal – kommune i Telemark – Store norske leksikon

  • ️Mon Nov 04 2024

Faktaboks

Administrasjonssenter

Prestestranda

Fylke

Telemark

Innbyggjartal

4 086 (2024)

Landareal

995 km²

Høgaste fjell

Fagerliheii (910 moh.)

Innbyggjarnamn

drangedøl

Målform

nøytral

Kommunenummer

4016 (frå 2024, tidl. 3815 og 0817)

Kommunevåpen

Drangedal

Prestestranda er kommunens administrasjonssentrum.

Drangedal er ein kommune søraust i Telemark fylke. Kommunen grensar til Nissedal i vest, Kviteseid og Nome i nord, Skien og Bamble i aust, Kragerø i søraust og Gjerstad i sør.

Drangedal blei etablert som eigen kommune i 1837, og grensene har ikkje endra seg etter den tid. Prestestranda er administrasjonssentrum. Andre bygder er Tørdal, Drangedal og Kroken.

Natur

Urdvassbukta

Frå Henseidvannet på grensa mot Skien kommune.

Drangedal omfattar grunnfjellsområdet omkring øvre delen av Kragerøvassdraget og innsjøen Toke med avløp til Kilsfjorden ved Kragerø. Kommunen har store skog- og heiområde med høgder på 400–700 meter over havet og mange vatn. Høgste toppen er Fagerliheii, 911 meter over havet i nordvest, på grensa til Kviteseid. Skogane rommar mykje storvilt. Kommunen har ei nord–sør-utstrekking på om lag 50 kilometer. Nær helvta av arealet ligg høgare enn 300 meter over havet. Om lag ni prosent av kommunens landareal er verna som naturreservat. Grytdalen naturreservat lengst nord i kommunen har innslag av svært gamal skog.

Som for andre stader i Telemark kan enkelte sumardagar vere varme. Varmerekorden på Vefall i Drangedal frå juni 1970 er 34,6 °C.

Befolkning og busetnad

Folketal

1951 4977
1952 4970
1953 4926
1954 4881
1955 4805
1956 4797
1957 4773
1958 4752
1959 4670
1960 4629
1961 4632
1962 4594
1963 4585
1964 4603
1965 4554
1966 4476
1967 4436
1968 4416
1969 4374
1970 4462
1971 4550
1972 4602
1973 4554
1974 4512
1975 4485
1976 4504
1977 4505
1978 4494
1979 4502
1980 4555
1981 4558
1982 4556
1983 4569
1984 4562
1985 4531
1986 4521
1987 4504
1988 4476
1989 4453
1990 4463
1991 4400
1992 4389
1993 4371
1994 4289
1995 4271
1996 4226
1997 4201
1998 4149
1999 4159
2000 4175
2001 4200
2002 4196
2003 4184
2004 4175
2005 4143
2006 4163
2007 4136
2008 4111
2009 4138
2010 4159
2011 4124
2012 4126
2013 4139
2014 4135
2015 4111
2016 4136
2017 4148
2018 4105
2019 4080
2020 4060
2021 4071
2022 4093
2023 4091
2024 4086
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Busetnaden er konsentrert i og omkring administrasjonssenteret Prestestranda og dessutan tettstaden Neslandsvatn. Folketalet i kommunen gjekk merkbart ned på 1990-talet, men etter 2000 har nedgangen bremsa opp. I tiårsbolken 2015–2024 gjekk folketalet tilbake med 0,6 prosent, mot ein auke på 3,0 prosent i Telemark fylke.

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Drangedal. Tettstadene er til saman 1,9 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Prestestranda 1 308 32 % 1,6 km²
Neslandsvatn 294 7 % 0,3 km²
Sum 1 602 39 % 1,9 km²

* Andelen av innbyggjarane i Drangedal kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Drangedal (2023)

Jord- og skogbruk, bygg og anlegg og transport er viktige næringar, og står for nesten ein tredel av sysselsetjinga i kommunen. Drangedal Bilruter AS, som er den største private verksemda i kommunen, er ein berebjelke i det lokale næringslivet.

I 2013 var det totale jordbruksarealet på 10 246 dekar. Av dette var 8 814 dekar eng og beite. Jordbruket blir ofte drive i kombinasjon med andre næringar. I skogen vart det i femårsbolken 2018 til 2022 avverka i snitt 58 000 m³ årleg, og Drangedal er ein av dei større skogkommunane i Telemark. 53 prosent av avverkinga var furu.

Offentlege tenester, mellom anna utdanning og helse, står for ca. 37 prosent av sysselsettinga. Innanfor reiseliv og turisme er vintersportstaden Gautefall mest kjend.

Drangedal er ein pendlarkommune. I 2023 hadde Drangedal ei netto utpendling på 650 personar, svarande til ein tredel av arbeidsstyrken, dei fleste til Skien og Porsgrunn.

Drangedal har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei seks vasskraftverka i kommunen produserer til saman 57,7 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Nye Suvdøla (i drift fra 2019), som står for om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Lauvstad (2022) og Suvdal (Kleppsvatn) (2004). Drangedal Kraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Lauvstad Kraftverk med om lag ein tiandedel.

Drangedalsposten, med hovudkontor på Prestestranda, kjem ut ein gong i veka med eit opplagstal på 1919 (2016).

Samferdsel

Drangedal

Sørlandsbanen går gjennom kommunen, med stopp i Drangedal og Neslandsvatn.

Sørlandsbanen går nord–sør gjennom dei sentrale delane av kommunen. Sidebanen NeslandsvatnKragerø vart nedlagt i 1989. Fylkesveg 38 går gjennom kommunen frå riksveg 41 ved Steane i Kviteseid søraustover til E18 ved Gjerdemyra (30 kilometer sør for Prestestranda) i søraust. Herifrå går fylkesveg 38 vidare til Kragerø (10 kilometer). Det er òg vegsamband med Skien (fylkesveg 356) og Treungen i Nissedal (fylkesveg 358 over Gautefall), og dessutan ei rekkje mindre vegar mellom anna over heia nordover til Lunde og .

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kart: Drangedal kommune i Telemark

Drangedal kommune i Telemark fylke.

Drangedal høyrer til Sør-aust politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Grenlandsamarbeidet saman med Bamble, Kragerø, Porsgrunn, Siljan og Skien.

Drangedal kommune svarer til dei tre sokna Drangedal, Kroken og Tørdal i Bamble prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja. Kroken utgjer den sørlegaste delen av kommunen, mens Tørdal ligg i nord og vest.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Drangedal til Bamble futedømme i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkrinsar i Drangedal

For statistiske formål er Drangedal kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 22 grunnkrinsar:

  • Tørdal: Bustrak, Lia, Bø, Lone, Tørdal, Homleid
  • Drangedal: Singusdal, Åkre/Sætre, Nakksjø, Tveit, Oseid, Solberg, Preststranda, Tørnes, Voje, Straume, Henneseid, Sannes
  • Kroken: Vefall, Helldøla, Neslandsvatn, Brodsjø

Historikk og kultur

Kvinnebunad fra Drangedal

Kvinnebunad frå Drangedal.

Vest for Prestestranda er det restar etter bygdeborga «Gråtoppslottet», som truleg var brukt av Hallvard Gråtopp – leiaren for eit større bondeopprør på 1400-talet. Drangedal Bygdetun er eit friluftsmuseum med 19 gamle bygningar, og dei fleste er gåver frå bygdefolket. Bygdetunet har òg ein ny museumsbygning, Nystue, som stod ferdig i 2009. Nystue inneheld mellom anna ei skogbruksutstilling.

I Bostrak i Tørdal ligg Sputnikmuseet, som formidlar karrieren til den folkekjære artisten Knut «Sputnik» Storbukås. Gautefallheia har alpinanlegg og hotell. Drangedal kyrkje er ei tømra korskyrkje frå 1775, som vart påbygd i 1840.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet, som vart godkjent i 1989, har to furukongler i gull mot ein grøn bakgrunn. Fargar og motiv viser til Drangedal som ein skog- og jordbrukskommune.

Kart

Kart over Drangedal kommune

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gardåsen, Tor Kjetil (2014). Hus i Drangedal : byggeskikk, folk og miljø.
  • Haugen, Brynjulf (2021). Kunst- og kulturskatter fra Drangedal.
  • Holte, Bjørn Edvin (1997-2003). Slektregister for Drangedal, 5 bind.
  • Nordby, Guro (2005). Drangedal 1900–2000 : utvikling og kulturhistorie. Les boka på nb.no
  • Sannes, Olav (1924). Drangedal med Tørdal: ei bygdesoga. Les boka på nb.no
  • Arealfordeling

Kommentarar