snl.no

Otta – Store norske leksikon

  • ️Wed Dec 11 2024

Faktaboks

Innbyggjartal

2302 (SSB, 2023)

Landareal

2,2 km²

Tettstadsnummer

1582 Otta

Otta er ein tettstad i Sel kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,2 km², og har 2302 innbyggjarar (2023).

Otta er administrasjonssenter i Sel kommune og ligg der Ottadalen munnar ut i Gudbrandsdalen, 113 kilometer nord for Lillehammer. Sel kommune vedtok i 2000 å kalle Otta by.

Otta er trafikknutepunkt for jernbanen og har bussamband gjennom Ottadalen og vidare til Sogn, Nordfjord og Sunnmøre. Tettstaden er eit handels-, service- og skulesenter i Nord-Gudbrandsdal.

Staden har mykje industri, mellom anna trevareindustri, næringsmiddelindustri (slakteri, mølle), grafisk industri og steinindustri (ottaskifer).

Turisttrafikken er stor, med hotell og gjestgiveri. Her ligg òg Galleri Rondane (kunstutstillingar) og eit informasjonssenter for bergverk og steinindustri. «Ottamartna'n» arrangeres årleg i månadsskiftet september-oktober.