Undheim – Store norske leksikon
- ️Tue Nov 26 2024
Faktaboks
- 588 (SSB, 2023)
- 0,4 km²
- 4593 Undheim
Innbyggjartal
Landareal
Undheim er ein tettstad i Time kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 588 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg i overgangen mellom Låg- og Høg-Jæren, rundt ni kilometer aust for Nærbø. Staden har noko småindustri, og her ligg Time bygdemuseum i Undheim samfunnshus. Undheim kyrkje er ei moderne kyrkje i betong få 2001. Altartavle, døypefont og glasmåleri er lagd av Per Odd Årrestad.
Like aust for tettstaden ligg Arne Garborgs eigedom Knudaheio, der han og Hulda Garborg er gravlagde.