snl.no

parasitt – Store norske leksikon

  • ️Tue Nov 26 2024

Ein parasitt (eller snyltar) er ein organisme som lever på eller i ein annan levande organisme (vert) og utnyttar denne i eit samliv kalla parasittisme. Parasitten ernærer seg på verten og har difor fordel av samlivet, medan verten tek meir eller mindre skade av utnyttinga.

Faktaboks

Uttale

parasˈitt

Etymologi

av para- og gresk ‘mat’

Også kjend som

snylter

Nokre døme på parasittar er bendelormar som lever i tarmkanalen til dyr og syg til seg næring gjennom kroppsoverflata, flått og lus som begge lever av å suga blod frå mellom anna pattedyr, og snylteplanter som skjelrot. Skjelrot manglar klorofyll og får næring ved å snylta på røtene til andre planter.