snl.no

rogn – Store norske leksikon

  • ️Tue Jan 14 2025

Rogn

Rogn. Tre, blad og frukt (rognebær).

Rogn Sorbus aucuparia

Rogn (Sorbus aucuparia) – saman med bjørk, hegg, osp, or og selje – er eit av dei boreale lauvtrea. Dette er artar som er godt integrerte i det nordiske klimaet. Dei toler kulde og trivst godt over heile landet. Her frå Larvik kommune i Vestfold og Telemark.

Rognebær.

Rognebær er delikate og inneheld mykje vitamin C.

Høgtvoksende.

Rogn er eit hardført treslag som òg veks oppover mot fjellet. Dette biletet er teke på 940 moh.

Rogn er eit tre til ti meter høgt lauvtre i rosefamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn

Sorbus aucuparia

Beskriven av

Carl von Linné

Raudlistestatus i Noreg

LC – Livskraftig

Global rødlistestatus

LC – Livskraftig

Treslaget veks i heile Europa med unntak av Sør-Spania. Rogn er vanleg i heile Noreg, i buskform veks ho høgt over skoggrensa. I Hemsedal er ho funnen heilt opp til 1500 meter over havet. I Nord-Noreg går rogna opp til 500 meter over havet. Rognetre eignar seg svært godt til offentlege beplantninger, både langs vegar, i parkar og på øvrige offentlege stadar.

Høstfarger.

Om hausten får rogneblada flotte fargar, og saman med dei raude rognebæra er treslaget eit flott syn.

Flogrogn.

Rognetre kan spire oppe i andre tre og blir då kalla flogrogn. Her har ein fugl lagt igjen avføring med rognefrø oppe i furua. Og så har frøet spira og utvikla seg til ein liten rogneplante. Etter kvart kan dette bli til eit større rognetre.

Skildring

Rogneblomst.

Rogneblomster ser flotte ut, men har ei litt emmen duft.

Rogna har finna blad. Blomane er kvite og sit i store halvskjermar. Dei oransjeraude fruktene, rognebær, er skarpt sure bæreple. Desse vert utvikla frå trea er om lag ti år gamle. Rogn får blomar og produserer bær kvart år. Desse vert spreidd med fuglar, og nye rognetre kan difor spire langt frå mortreet. Sidensvans, kråkefuglar og trost set særleg stor pris på rognebær. Nokre gongar legg fuglane frå seg avføring med eit frø oppe i tre. Dersom frøet som ligg i næringsrik avføring, festar seg i ein sprekk eller ei kløft, kan det spire opp ei ny rogn oppe i treet. Slike rognetre som veks oppe i andre tre, vert kalla flogrogn. Det har blitt knytt mykje overtro til flogrogn gjennom tidene. Mellom anna blei det hevda at ski laga av flogrogn gjekk av seg sjølv – òg i oppoverbakke.

Treslaget foryngar seg også vegetativt og skyt då både stubbeskot og rotskot.

Elgen har rogn som sin favorittmat om vinteren. Den norske elgstammen er i dag 30 ganger større enn for 50–60 år sidan. Dette har medført ei sterk auke i beite på rognetre over ein lang periode. Store tre av rogn er difor forhaldsvis sjeldne i skogane i typiske elgområde. Foryngelse av rogn rekk ikkje å vekse opp til større tre her, dei blir kvar vinter beita ned. Mindre rognebuskar i skogen er ofte beita ned gong på gong i løpet av mange vintrar.

Blomst.

Som regel ser ein rogneblomster på litt lengre avstand, men går ein nærare, får ein sjå den flotte detaljrikdomen.

Utbreiing og vekstkrav

Utbreiing av rogn.

Naturlig utbreiing av rogn (Sorbus aucuparia). Basert på data fra Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

Rogn er eit vanleg tre i skogen gjennom heile Noreg til langt opp på fjellet. Treslaget har over lang tid tilpassa seg norske klimaforhald og klarar seg med ein sommertemperatur på rundt 7,5 grader celsius.

Som dei fleste andre lauvtre veks rogn best i moldrik jord med frisk fukt. Men ho kan òg vokse i område med svært tørr jord. Treslaget er middels lyskrevande, men utviklar seg best der det er mykje lys. Unge tre krever lite lys.

Rogn har som furu ei kraftig pælerot. På stadar der det er grunnlendt mark, dvs. tynt jordsmonn over berggrunnen, klarar ikkje rogna å utvikle pælerot. Då kan ho bli utsatt for vindfelling. På veksestader med djupt jordsmonn går pælerota langt ned og sørger for svært god jordfesting av treet som då blir stormsterkt.

I Nord-Norge vert rogn nytta som prydtre, der er evna til å stå imot storm viktig. Dessutan toler rogn sjøsprøyt ganske godt, noko som òg er viktig i nord ut mot kysten.

Sjukdommer og skader

Elgen beiter mykje på rogn, men andre dyr set òg stor pris på rognevirke. Dette gjeld både mus og hare, som òg kan skade rognetrea.

Rognebærmøllen (Argyrestiha conjugella) kan gjerne stor skade på epler. Rogna er vertsplante, og insektet legg egg i eplekartane.

Allsidig bruk

Kvist og bork (skav) blei tidlegare brukt til krøterfôr. Rogn er eit av dei treslaga som oftast opptrer epifyttisk – sjå flogrogn. I folkemedisin blei rogn brukt mot gikt og som urindrivande middel.

Statistikk

Landsskogtakseringa har registrert ein samla tilvekst av rogn på produktiv skogsmark på 256 346 kubikkmeter. På den marka som produserer mindre enn 0,1 kubikkmeter per daa og år, altså på den såkalte uproduktive skogsmarka, er tilveksten 4086 kubikkmeter per år.

Volumet av rognetre på produktiv skogsmark utgjer om lag 8,5 millioner kubikkmeter. På den uproduktive skogsmarka står det rundt 1,2 millioner kubikkmeter.

Trevirke

Yteveden er kvit med raudlege og grålege tonar, kjerneveden er gråbrun. Densiteten ved 15 prosent trefukt er cirka 0,64 gram per kubikkcentimeter. Virket er hardt og seigt, men ikkje særleg haldbart. Det blir mellom anna brukt til dreieartiklar, verktøyskaft og teiknesaker. Rogn er godt eigna til ved. Treslaget inneheld 2703 kWt per fastkubikkmeter med 17 prosent fuktighet. Dette er om lag 4 prosent meir enn i bjørk, som inneheld 2589 kWt.

Rognebær

Rogn med rognebær

Rognebærgele.

Rognebær er særs godt egna til å lage gele.

Ifølge gamle myter skal mengden rognebær om hausten indikere kor mykje snø det blir påfølgande vinter. Logikken er at trea ikkje klarar å bere tung last to gonger. Altså: Mykje rognebær medfører lite snø påfølgande vinter. Lite rognebær på trea gjev mykje snø. Meteorologisk institutt har fulgt med på rognebær- og snømengder over fleire år, og har ikkje funne nokon sikker samanheng.

Rognebær er vårt nest suraste bærslag. Kun tranebær inneheld meir syrestoff. Rognebær inneheld mykje C-vitamin, rundt 60 mg per 100 gram. Dette er mer enn appelsiner, som inneheld om lag 51 mg per 100 gram. Helsemyndighetene tilrår at ein vaksen person får i seg 75 mg av C-vitamin kvar dag. Ved inntak av 125 gram rognebær får ein vaksen person dekka heile dagskvota av C-vitamin.

Bæra blir søtare med frost. Før frosten set inn om hausten er det få fuglar som et rognebær. Rett etter den fyrste frosten blir aktiviteten frå fuglane stor, eit rognetre kan bli ribba for bær i løpet av kort tid.

Rognebær blir mellom anna brukt i syltetøy, gelé, vin og likør.

Søtrogn (Sorbus aucuparia «Edulis»), er eit kultivert treslag som ikkje er viltveksande i Noreg. Treslaget vert nytta noko som hagevekst. Edulis er like hardført som rogna vår, men inneheld svært lite eller ikkje noko bitterstoff. Søtrogn er mykje søtare enn vårt viltvoksande treslag, og inneheld over dobbelt så mykje C-vitamin.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta dekkfrøete planter, blomsterplanter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Rosales roseordenen
Familie Rosaceae rosefamilien
Slekt Sorbus rognslekta
Art Sorbus aucuparia rogn

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

  • Heilt ung rogn på Søndre Sandøy, Hvaler.

  • Sorbus aucuparia

    Sorbus aucuparia, rogn

  • Sorbus aucuparia

    Sorbus aucuparia, rogn. Foto frå: Kværkeby Mose, Midtsjælland, Danmark

  • Sorbus aucuparia

    Sorbus aucuparia, rogn. Foto frå: Kielstrup Sø, Himmerland, Danmark

  • Sorbus aucuparia

    Sorbus aucuparia, rogn. Foto frå: Kværkeby Mose, Midtsjælland, Danmark

  • Sorbus aucuparia

    Sorbus aucuparia, rogn. Foto frå: Mols Bjerge, Djursland, Danmark

  • Sorbus aucuparia

    Sorbus aucuparia, rogn. Foto frå: Navn Sø, Jylland, Danmark

  • Sorbus aucuparia

    Sorbus aucuparia, rogn

  • Sorbus aucuparia

    Sorbus aucuparia, rogn. Foto frå: Navn Sø, Jylland, Danmark

  • Rogneblomstring.

    Rogna blomstrar med kvite blomster som kan dekke heile treet.

  • Biologisk mangfold.

    Rogn er eit viktig tre for biologisk mangfald; det kan vere levestad for både lav og mosar.

  • Favorittmat.

    Elgen beitar både bjørk og rogn om vinteren. Men rogn er favorittmaten.

  • Musespist.

    Desse vedkubbane har lege under snøen ein vinter. Bjørkekubben er urørd, men dei to rognekubbane er nesten snaugnagde av mus, som føretrekte rognebarken framfor bjørkebarken.

  • Haren set òg stor pris på kvistar og bark av rogn.

Faktaboks

Vitskapeleg namn

Sorbus aucuparia

Tidlegare vitskapleg namn

Pyrus aucuparia (L.) Ehrh.

Artsdatabanken-ID

103483

GBIF-ID

3012167

Kommentarar