snl.no

statikk – Store norske leksikon

  • ️Tue Nov 26 2024

Statikk (av statisk) er læra om likevekt. Det er den delen av mekanikken som behandlar vilkåra for at ein gjenstand skal vere i ro når krefter verkar på han.

Faktaboks

Uttale

statˈikk

For at ein lekam (bokmål: et legeme) skal vere i likevekt, må summen av kreftene og kraftmomenta som verkar på lekamen, vere lik null. Viss summen av kreftene er ulik frå null, vil lekamen endre fart, og viss summen av kraftmomenta er ulik frå null, vil rotasjonsfarten til lekamen endrast.

Statikken har mykje å seie mellom anna for hus- og brubygging.

Les meir i Store norske leksikon