zulu – språk – Store norske leksikon
- ️Tue Dec 10 2024
Faktaboks
- inkululeko 'fridom'
- isiZulu
- zulu
- Zulu
- isiZulu
-
s'ulu (norsk uttale)
-
nigerkongospråk
-
Eit av 12 offisielle språk i Sør-Afrika
-
Sør-Afrika, Botswana, Eswatini, Lesotho, Malawi og Mosambik
- Over 12 millionar
- Over 15 millionar
- zu, zul (ZU, ZUL)
- zul
Språkeksempel
Eige namn
Norsk namn
Engelsk namn
Også kjend som
Førstespråksbrukarar
Andrespråksbrukarar
Språkkodar
Zulu er eit bantuspråk som blir snakka som førstespråk (morsmål) av rundt 12 millionar i Sør-Afrika (der det er eitt av 12 offisielle språk) og av til saman noko over 500 000 i Botswana, Eswatini, Lesotho, Malawi og Mosambik. Zulu blir i tillegg snakka som andrespråk av over 15 millionar menneske.
På zulu heiter språket isiZulu [ìzíˈzùːlù]. Ein person som høyrer til den zuluspråklege etniske gruppa, heiter ein umuZulu, fleirtal amaZulu.
I Sør-Afrika blir zulu først og fremst snakka i provinsane KwaZulu-Natal, Mpumalanga, Free State, Gauteng og Eastern Cape.
Historie
Den første zulugrammatikken, Grammatik for Zulu-Sproget, skriven på dansk av den norske misjonæren Hans Paludan Smith Schreuder, blei utgitt i Christiania i 1850.
Som andre afrikanske språka i det sørlege Afrika blei ikkje zulu skriftspråk før det kom europeiske misjonærar til området på 1800-talet. Den første zulugrammatikken var Grammatik for Zulu-Sproget, som kom ut i Christiania i 1850, skriven av den norske misjonæren og seinare biskopen Hans Paludan Smith Schreuder, som i 1843 blei send til Sør-Afrika av Det Norske Misjonsselskap.
Det første dokumentet skrive på zulu er ei bibelomsetjing frå 1883. Den første ikkje-religiøse boka er Abantu abamnyama Lapo Bavela ngakona (Dei svarte folka og kva dei kom frå) frå 1992, skriven av forfattaren, filosofen, politikaren, læraren og teologen John Langalibalele Dube (1871–1946), som i 1930 gav ut den første romanen på zulu, Insila kaShaka (Tenaren til [kong] Shaka). I 1903 grunnla Dube den første avisa med tekst på zulu, Ilanga laseNatali 'Natals sol'. (Avisa hadde også engelsk tekst.)
Status
Sidan 1996 har zulu vore offisielt språk i Sør-Afrika, ved sida av afrikaans, engelsk, ndebele, pedi, sotho, swati, tsonga, tswana, venda, xhosa og sørafrikansk teiknspråk.
Zulu er eit fag i grunnskulen (frå 1. til 3. klasse) og i vidaregåande skule. Språket blir brukt i aviser og kringkasting. Det finst både ordbøker og grammatikkar for zulu og lærebøker for framandspråklege,
Slektskap og dialektar
Dei viktigaste dialektgruppene av zulu er lala, qwabe, cele og Transvaal-zulu.
I lag med xhosa, swati (swazi) og sør-ndebele utgjer zulu språkgruppa nguni (iziNguni), som er ei søraustleg gruppe av bantuspråk. Desse språka er innbyrdes forståelege.
Bantuspråka er ei undergruppe av dei bantoide språka, som er ei grein av benue-kongospråka, som igjen er ei grein av niger-kongospråka.
Struktur
Fonologi
Zulu har dei fem vokalane i, e, a, o, u, med eit perifert skilje mellom korte og lange vokalar. Språket har kring 50 konsonantfonem; talet avheng noko av analysen (fonema er skrivne ortografisk):
- ejektive lukkelydar og affrikatar: p t k ts tsh kl
- stemd affrikat: j
- aspirerte plosivar: ph th kh
- stemde plosivar: bh d g
- implosiv: b
- prenasalerte konsonantar: nk mb ng ntsh nj
- nasalar: m n ny
- frikativar: f s sh hl h v z dl hh
- stemde approksimantar: w l y
- vibrant: r
- klikklydar: c ch gc nc ngc x xh gx nx ngx q qh gq nq ngq
Klikklydane (velarisk ingressive språklydar) er skilde frå kvarandre ved at c q x (c median, alveolar; x lateral, alveolar; q postalveolar) er orale, ustemde; gc gx gq er orale med luftfylt stemme; ch qh xh er orale og aspirerte; nc nq nx er nasale med vanleg stemme; ngc ngq ngx er nasale med luftfylt stemme. Klikklydar er uvanlege i niger-kongospråka, der dei berre finst i nokre sørlege bantuspråk, heilt tydeleg som påverknad frå ikkje-nigerkongospråka i det sørlege Afrika, dei såkalla khoisanspråka, der klikklydar er vanlege.
Som dei fleste afrikanske språk sønnanfor Sahara er zulu eit tonespråk, med ein høg, ein låg og ein fallande tone, som ikkje er markerte ortografisk. Trykket ligg alltid på den nest siste stavinga i ordet, og den trykksterke vokalen blir forlengd. Infinitiven ukugigitheka 'å fnise' har da denne uttalen, når både trykk, vokalforlenging og tonar er noterte: [úkùɡìɡìˈtʰêːk'à]. (´ = høg tone, ̀ = låg tone, ̂ = fallande tone).
Morfologi
Substantiva i zulu har eit prefiks som fortel kva for nominalklasse dei høyrer til, og det finst eigne eintals og fleirtals nominalklassar, til saman 18 klassar. Her er nokre døme (bindestreken er ikkje med i vanleg rettskriving):
- umu-ntu 'menneske', fleirtal aba-ntu
- in-ja 'hund', fleirtal izin-ja
- i-kati 'katt', fleirtal ama-kati
Eintalsprefikset umu- og fleirtalsprefikset aba- står for genuset for menneske, mens eintalsprefikset in- og fleirtalsprefikset izin-- står for genuset for dyr. I bantugrammatikken har dei ulike klassane eit nummer, der umu- er klasse 1, aba- klasse 2, in- klasse 9, izin- klasse 10, i- klasse 5 og ama- klasse 6. Fleire ordklassar kongruerer i nominalklasse med substantivet, mellom anna slik at verbet har subjektprefiks og til dels til objektprefiks for dei ulike nominalklassane, til dømes slik:
- In-ja i-ya-luma i-kati 'Hunden (inja) bit (iyaluma) katten (ikati)'
- In-ja i-ya-li-luma 'Hunden bit han'
Verbforma iyaluma har subjektprefikset i- (klasse 9) pluss presens-prefikset ya-, mens verbforma iyaliluma har subjektprefikset i- (klasse 9), presens-prefikset ya- og objektprefikset li- (klasse 5).
Syntaks
Zulu er eit såkalla SVO-språk, det vil seie eit språk der subjektet (S) normalt kjem føre verbalet (V), mens objektet (O) kjem etter, som i dei to setningane i førre avsnitt.
I nomenfrasen kjem substantivet (overleddet, kjernen) først, følgt av attributtar (adledd), som i romantittelen som er nemnd i avsnittet Historie: Insila kaShaka (Tenaren til [kong] Shaka). Substantivet insila 'hale, tenar' står først, følgt av mens genitivleddet (attributten) kaShaka 'Shakas'.