web.archive.org

Måløyraidet - Sogn og Fjordane - Fylkesleksikon - NRK

Skaarbua brenn under Måløyraidet. © Fylkesarkivet.

Skaarbua brenn under Måløyraidet. © Fylkesarkivet.

Måløy-raidet 3. juledag 1941 var eitt av fleire allierte raid mot Norskekysten som m.a. skulle ha som føremål å villeie tyskarane. Liknande raid vart gjort mot Lofoten og Stord.

Kjennemerket til Linge-karane.

Kjennemerket til Linge-karane.

Nokre dagar før Måløyraidet var eit tilsvarande raid i gang mot Florø, men aksjonen vart av ukjende grunnar avbroten (sjå Krigshistoria i Flora).

Mange britiske skip og fly

I angrepsstyrken mot Måløy deltok kryssaren «Kenya» som flaggskip, jagarane «Onslow», «Oribi», «Offa» og «Chiddingfold», samt troppeskipa «Prince Charles» og «Prince Leopold». Angrepet hadde sterk flystøtte.

Bombing

Soldatane vart sette i land frå Holvik og Halnes, og rykte inn mot Måløy frå sørsida, medan dei tyske forta vart bomba frå krigsskip og fly. Festningane på Moldøen og kring Måløysundet vart tekne av allierte soldatar. Store sjøbuer, ein sildoljefabrikk, ein hermetikkfabrikk og fleire bustadhus vart sette i brann. To tyske handelsskip og vaktbåten «Phönix» vart bomba.

Linge fall

Martin Linge.

Martin Linge.

Raidet starta ved nitida om morgonen og var avslutta ved tretida på ettermiddagen. Angrepsstyrken var på 576 soldatar, derav 43 mann frå Kompani Linge med kaptein Martin Linge i spissen. Ein reknar med at tyskarane hadde kring 300 soldatar til å møte angrepet. Under storminga av det tyske hovudkvarteret på Ulvesund Hotell, vart kaptein Linge skoten og fall. Ingen sivile i Måløy vart drepne under åtaket.

Ei rekkje bygningar strauk med i brann etter Måløyraidet. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ei rekkje bygningar strauk med i brann etter Måløyraidet. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På alliert side fall 15 menige og to britiske offiserar, 58 britar vart såra. Av dei norske fall kaptein Martin Linge, og to Linge-karar vart såra. På tysk side er talet på døde usikkert, men det blir rekna med at mellom 55 og 85 tyskarar fall under Måløyraidet. På Hjertenes fyr vart fyrassistent Ragnvald Torheim drepen av splintar etter bombing av fyret under Måløy-raidet. Både Måløy Sildoljefabrikk i Deknepollen og Nordfjord Preserving på Sæternes vart sprengde av dei allierte styrkane. Fleire store sjøbuer, m.a. den store Skaarbuda på Sæternes, brann ned. Det same gjorde Hagens Hotell og Ulvesunds Hotell. Då dei allierte trekte seg tilbake, fylgde 77 sivile frå Måløy med til Shetland. Ein av desse var NS-ordførar Johan Gotteberg.

98 tyske soldatar og fire norske nazistar vart tekne med som fangar. Tyskarane arresterte over 15 personar etter raidet – slektningar til dei som hadde fare til Shetland. Mange frykta strenge represalier, men dei fleste vart sleppte fri etter kort tid. August M. Saltkjel døydde under fangenskapet på Grini av sjukdom.

Etter Måløyraidet bygde tyskarane nokre av sine sterkaste festningsanlegg på Norskekysten langs skipsleia ved Måløy.

Minnesmerket over Måløyraidet i Minneparken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesmerket over Måløyraidet i Minneparken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesmerke

Eit minnesmerke over Martin Linge (laga av Ståle Kyllingstad) vart avduka av kong Olav V i 1965. Det står like ved Måløybrua, omlag på den staden der Linge vart skoten under storminga av Ulvesunds Hotell i jula 1941. Eit minnesmerke over dei falne allierte soldatane vart avduka i 1967 av kong Olav V. I nokre år stod dette momumentet ved ungdomsskulen før det vart flytta til minneparken på Moldøen.

Fanga nazijente blir førd ombord i britisk krigsskip

Fanga nazijente blir førd ombord i britisk krigsskip